Sport | 25. mars 2018

Karoline og Malin på talentsamling

Karoline Hevrøy og Malin Ludvigsen på Statoil talentleir, siste hinderet før landslaget.

Karoline og Malin på talentsamling
Karoline Hevrøy, Os fotball (bakerst, øvst til høgre) og Malin Ludvigsen, Nore Neset (nr to frå høgre framre rekke) på talentleir saman med seks andre frå Hordaland (foto: NFF)
Andris Hamresøndag 25. mars 2018 14:02

Førre veke blei Statoil Talentleir gjennomført i Østfoldhallen med dei største talenta fødd i 2003 og 2004. Dette er siste hinderet før eit eventuelt landslagsuttak.

Karoline Hevrøy, Os fotball og Malin Ludvigsen, Nore Neset IL, var to av åtte jenter frå Hordaland.

– Det var veldig mange spennande spelarar her. Vi ser at det er fleire ulike typer no enn det var for fem år sidan, både når det gjeld eigenskaper og posisjonar. Det lover godt for framtida i norsk fotball, seier Håkon Grøttland, fagansvarleg for landslagsskulen.

Skal sjå kor lista ligg

Landslagsskulen skal vera ein utviklingsarena for dei beste og mest dedikerte spelarane, ungdomstrenarane og ein møteplass for klubbar, krets og forbund.

– For spelarane skal dette vera ein referansearena. Dei skal få eit bilete av kor lista ligg nasjonalt. Kva som krevst og korleis dei ligg an samanlikna med dei 60 største talenta i Noreg i si aldersgruppe.

– I tillegg er det ein inspirasjon i seg sjølv å bli tatt ut til ei samling som dette. Det betyr at dei blir sett på som eit av dei største talenta i landet, seier Grøttland.

Skolerast for landslaget

Samlinga er ein viktig kartleggingsarena for NFF inn mot landslaget. I tillegg til trening og interntkampar, jobbast det mykje med videoanalysar.

– Modellen med landslagsskulen har tre hovudintensjonar. For det første å vera ein referanse- og stimuliarena for våre beste spelarar.

– For det andre å vera ein arena kor ein kartlegg inn mot aldersbestemte landslag og gjennom dei ulike nivåa skal vi finne spelarar som er best eigna til å spele landskampar.

– For det tredje er det også ein skoleringsarena inn mot landslaget, slik at når du speler dine første landskampar har no nokre år med felles skolering, trass i at du spelar saman med spelarar frå andre klubbar, forklarar Grøttland.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.