Lokal | 28. feb. 2015

Kartverket på kartlegging

Kor kan fjorden kryssast? Kartverket er i desse dagar på oppdrag i skjergarden rundt Os og Tysnes.

Kartverket på kartlegging
Kartverket på tur utanfor Bruarøy fredag. (Lesarbilde)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 28. feb. 2015 19:25

Fredag fekk Midtsiden fleire tips om ein båt frå Kartverket som cruisa rundt i Os-skjergarden.

Prosjektleiar for E39 Aksdal - Bergen, Signe Eikenes frå Statens vegvesen, stadfestar laurdag at Kystverket er på oppdrag for vegvesenet i samband med planprogrammet som skal ut til høyring denne våren.

Treng fleire data

Ansvarleg for fjordkryssing-delen av Hordfast-prosjektet, Mathias Eidem, fortel at han treng fleire data frå enkelte område av fjorden.

– Kartverket er ute for å ta målingar i skjergarden rundt Øyane og Halhjem, og rundt Vernøyane og Svarvahelleholmen utanfor Reksteren, fortel Eidem til Midtsiden laurdag ettermiddag.

Eksisterande sjøkart har ikkje detaljerte nok djupner i alle delar av fjorden.

– Det er særleg ilandføringa vi treng fleire data til. Det er ikkje mange område som er aktuelle, så Kartverket får nok gjort unna jobben ganske raskt, seier Eidem.

I januar blei fem bøyar lagt ut i fjorden mellom Reksteren og Øyane.

Les òg: Måler kor sterk brua må bli

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.