Lokal | 15. apr. 2014

Kasta hageboss?

Har du tenkt å rydda i hagen eller driv du med oppussing i påsken? Skal du køyra bosset på Kolskogen må du vera rask.

Kasta hageboss?
Stasjonsleiar Fredrik Egenæs ved BIR Os Kolskogen. (foto: Kari Marie Austevoll Lyssand)
Kari M. Lyssandtirsdag 15. apr. 2014 09:58

Folk brukar ofte tida rundt påske til å rydda og kasta ting dei ikkje lenger har bruk for. Det merkar dei på den lokale gjenvinningsstasjonen BIR Os Kolskogen.

- Dei tre siste dagane før påske merkar vi at det er bra trykk på stasjonen og måndag var det dobbelt så mange innom som veka før, fortel stasjonsleiar Fredrik Egenæs.

Det kan virka som det er mange osingar som driv med ombygging og rivinsprosjekt for mykje av det som har kome inn siste tida er plank og isolasjon.

- Og så har jo hagesesongen starta så det kjem inn ein del hageavfall.

- Ikkje legg igjen avfall

Har du noko du skal kvitta deg med før påske så må du vera rask, siste opningsdag for BIR er onsdag før påske.

- Onsdag held vi ope til klokka tre og opnar igjen tirsdag etter påske til vanleg tid.

Egenæs håpar folk er grei og ikkje legg igjen avfall utanfor stasjonen i ferien, men trur ikkje det vil bli eit problem i Os.

- Folk her har vore flinke å nytta opningstidene våre, men uansett vil portane bli godt låst så ingen kjem seg inn på området, seier Egenæs.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.