Lokal | 24. jan. 2015

Kasta ut etter bråk

Mann meldt etter å ha laga bråk på utestad. Politiet måtte be han fjerna seg.

Kasta ut etter bråk
Politiet måtte ta hand om ein gjest på ein utestad natt til laurdag (ill.foto: AH)
Andris Hamrelørdag 24. jan. 2015 09:13

I to-tida natt til laurdag måtte politiet hjelpe til på ein utestad i Os sentrum.

– Vi hadde ein gjest som ikje forsto at han måtte gå etter å ha skapt ubehag for andre gjester og vore trugande.

– Han blei veldig sint og måtte haldast til politiet kom og hjalp oss, fortel vakta ved utestaden.

– Det stemmer at vi blei tilkalt ti ei episode ved ein utestad.

– Politiet tok hand om vedkommande og fekk roa han ned, fortel vakthavande betjent ved lensmannskontoret.

Etter å ha roa seg fekk mannen pålegg om å fjerna seg frå staden, noko han etterkom. Han blir meldt for ordensforstyrrelser.

To låste seg inne

Tidlegare på dagen, klokka 1650, blei politiet beden om å komma til ein bensinstasjon i Os.

– To personar hadde låst seg inne på eit toalett og vore der inne lenge.

– Patrulja fekk dei ut der frå og sjekka dei utan å finne noko.

– Dei blei sendt avgarde.

Det er ikkje loggført kva dei to gjorde på toalettet.

Fekk ikkje start

Litt før klokka 15 fekk politet melding om diesel-tjuveri frå ei bedrift i Kolskogen.

– Det blei oppdaga då dei ikkje fekk start på gravemaskina.

– Truleg har nokon vore og tømt den for diesel i løpet av natta, seier betjenten.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.