Lokal | 18. feb. 2017

Kastar seg på dugnadsbølgja

Os Dykkerklubb bryt vasskorpa og organiserer eigen ryddedugnad i fjørene mellom Halhjem og Øyane.

Kastar seg på dugnadsbølgja
Bjørn Tore Bøhmer er klar for ryddedugnad, denne gong over vasskorpa. (Privat foto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 18. feb. 2017 08:46

Tysdag fortalte vi om store mengder plast og anna boss i fjørene på Lepsøy. Same dag hadde Os kommune førebudd eit opplegg for dei som ønskjer å utføra ein ryddedugnad:

– BIR plasserer fredag ut fem konteinarar kor folk kan kasta bosset dei plukker gjennom helga. Desse blir plassert på parkeringsplassen i Ervikane, Buena kai, Osøyro ved Essoen, Halhjem kai og på Bruarøya ved snuplassen, fortalte ordførar Marie Lunde Bruarøy.

Kommunen skal ikkje koordinera noko rydding, men set fram konteinarane og sekkane så folk kan rydda når det passar dei.

Fredag bestemte Os Dykkerklubb seg for å organsiera seks timar med rydding i morgon, søndag.

– Det var litt tilfeldig at vi lagde til noko. Eg møtte eit anna medlem i klubben, Truls Maceliussen, i ettermiddag, og vi bestemte oss for å laga ein konkret aksjon sånn at desse konteinarane blir brukt, sa tidlegare formann i dykkerklubben, Bjørn Tore Bøhmer, til Midtsiden fredag kveld.

«Bøttevis med godt humør»

Dykkerklubben har tidlegare deltatt i ryddeaksjonar under vatn, i Os hamn, men denne gong skal dei vera meir eller mindre tørrskodd.

– Det er nok i fjørene behovet er størst og der vi får gjort mest i denne omgang. Vi har ein god og romsleg båt, vi bryr oss om skjergarden og vi er godt kjent.

eigen Facebook-side har dykkerane lagt ut invitasjon til medlemmane, men også andre er velkomne.

– Ta med redningsvest, hansker, niste, ein liten kniv og bøttevis med godt humør, skriv Bjørn Tore i invitasjonen.

Dugnaden er planlagt å vara frå klokka 10 til 16 søndag, med oppmøte på Halhjem ferjekai.

– Vi vil køyra ryddemannskap ut til ulike fjører på Innerøya, Ytterøya og andre stadar mellom Halhjem og Øyane som du ikkje kjem til utan båt.

– Blir det stor pågang får vi høyra med brannvesenet, dei har jo òg ein båt stasjonert på Halhjem, men vi skal uansett få tatt unna mange med vår eigen båt.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.