Kultur | 29. juni 2010

Kick-off utan gitar

Til helga er det to veker til festivalstart, og Rock n' LoL-gutane inviterer barneskuleelevar til konkurranse i luftgitar.

Kick-off utan gitar
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 29. juni 2010 08:44

Det er drygt to veker til Søfteland Rock 'n' LoL, og brørne William og Andreas Lindborg har planar om kick-off for den yngre delen av publikum laurdag 3. juli.

- På festivalen har vi eige alkoholfritt område for dei under 18 år, også framm ved scenen. I tillegg har vi familieprogram på formiddagen laurdag. Så no på laurdag har vi kick off utanfor Joker-butikken på Søfteland, med konkurranse i luftgitar for ungar i barneskulealder, fortel Andreas.

Han rakk ikkje ut til alle barneskulane i Os med invitasjon før ferien, men seier alle er velkomne, også dei som er eldre.

- Men det er berre dei yngste som får premie. Alle får is, i tillegg har vi ein del småpremiar. Hovudgevinsten er å få spela luftgitar under festivalen på dagtid laurdag 17. juli.

Tore viser korleis
Deltakarar kan velja mellom å ta med seg musikk sjølv eller bruka ein av dei kjente, luftgitar-venlege, låtane arrangørane har liggande.

- Til å visa korleis det skal gjerast har vi Tore Bratseth. Tore, som speler i rockebanda Bömbers og Batallion, har alt som skal til, lover Andreas.

Øver framfor spegelen
Arrangementet startar klokka 12 og det er påmelding på staden.

- Vi bygger scene og dirigerer trafikk, håper det blir plass til nokre kundar i butikken denne dagen også, ler Andy.

- Då eg var ute på barneskulane var ungane veldig ivrige, og fleire som har vore innom butikken fortel at ungane står heime og øver. Vi set opp stand og sel billettar til festivalen og satsar på ivrig luftgitarspeling frå scenen!

Vinnaren av konkurransen får framføra luftgitar under famlilieprogrammet på festivalen. Då blir det konsert med Ila Auto, konkurranse i mjølkespannkasting og fleire andre aktivitetar på festivalområdet på garden til Olav Valle.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.