Olav Kvinge, Einar Øvreberg, Laila Marie Reiertsen, Odd Tøsdal og Leif Gunnar Heggland skal føre kontrollen med kommunen dei kommande fire åra (foto: Andris Hamre)

Kikar kommunen i korta

Kanskje er dei kommunens best bevarte hemmelegheit. Fire menn og ei kvinne skal sjå til at alt går riktig føre seg i kommunen.

Av: Andris Hamre Fredag, januar 27, 2012 - 11:00

Kontrollutvalet har lenge vore ei godt bevart hemmelegheit som stort sett berre har figurert på sakskartet til kommunestyret ein gang eller to i året med rapportar og uttaler. No vil dei meir fram i lyset og vera tydelege både for administrasjon og innbyggjarar.

- Kontrollutvalet er oppnemnt av kommunestyret, men er heilt fristilt og vi kan sjå på kva saker vi vil.

- Vår viktigaste oppgåve er å vera nysgjerrige og å stille spørsmål om og til den kommunale forvaltninga, seier Olav Kvinge, medlem i kontrollutvalet.

Partinøytrale

Kontrollutvalet består av fem medlemmar, alle oppnevnt av kommunestyret. Dei representerar til dagen kvar sine parti, men i kontrollutvalet sit dei i eigenskap av person og ikkje på vegne av partiet.

- Vi skal føre tilsyn med den kommunale forvaltninga utan bindinger til korkje administrasjon eller dei andre politiske organa, forklarar leiar Odd Tøsdal.

- Difor har eg til dømes gått ut av styret for Oseana, legg Kvinge til.

Årlege kontrollar

Kontrollutvalet har fleire lovmessige oppgåver dei må halda seg til.

- Lov og forskrifter krev at vi skal sjå til at kommunen sine rekneskap blir revidert i tråd med reglane, fortel Tøsdal.

- I tillegg skal kontrollutvalet føra årlege forvaltningsrevisjoner der dei ser på eit spesifikt området innan den kommunale forvaltninga. Eit døme som er mykje i vinden om dagen er barnevernet og skulane, supplerer utvalet sin sekretær Roald Breistein.

- Dei skal òg føre kontroll med dei kommunale selskapa. Her i Os snakkar vi då om Oseana og Osbadet, forklarar Breistein som er ansatt i fylkeskommunen sitt felles sekreteriat for kontrollutvala.

Ein av 17 kommunar

Os er nemleg ein av 17 kommunar som kjøper denne tenesta frå fylket.

- Det er viktig for oss å ha fagkompetansen å støtta oss på. Det får vi gjennom tenesta frå fylket, forklarar Tøsdal.

Første oppgåve til kontrollutvalet blir å sjå til at rekneskapen for 2011 blir revidert. I tillegg skal dei før sommaren legga fram ein plan for forvaltningsrevisjon for den kommande fireårsperioden.

 

Tips midtsiden.no

Kjetil Vasby Bruarøy + 47 90 78 92 70
Andris Hamre +47 47 90 61 11