Lokal | 12. apr. 2011

Kjære politikarar: Tenk smart!

LESARINNLEGG: Andris Hamre er uroa over hallkapasiteten i bygda.

Kjære politikarar: Tenk smart!
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 12. apr. 2011 09:54

Som leiar for handballen i Os Turn er eg stolt over å kunne seia at vi har Noregs beste handballjenter i 14-årsklassen (96-årgangen). Men eg er uroa over hallkapasiteten i bygda.

Ikkje berre for jentene og gutane i handballen, men òg for alle dei andre som driv innandørs idrett i Os, anten det er karate, volleyball, turn, basket eller andre idrettsformar. Alle treng meir tid i hall.

Difor har eg ei klar oppmoding til politikarane i Os:
Tenk smart i samband med opprustinga av Os ungdomsskule.

No har de vist at de kan tenke smart (for kommunen) i samband med at dykk vel å legga den nye ungdomsskulen vegg i vegg med Nore Neset-hallen. Då slepp dykk å bygga ny hall på den skulen. Men på den gamle ungdomsskulen slepp de ikkje unna. Der må dykk gjera noko med gymsalen uansett.

Mi oppmoding er at elevane på ungdomsskulen får ein gymsal på 23x44 meter innvendige mål. Då får skulen ein gymsal som opptil tre klassar kan nytta samstundes og ein legg til rette for å nå dei statlege målsetningane om meir fysisk aktivitet i skulen.

Samstundes løyser ein langt på veg utfordringa for dei mange frivillige laga i bygda som treng meir treningstid innandørs. Eg ber ikkje om ein kamparena. Der har vi to flotte hallar i Oshallen og Nore Neset-hallen. Det vi treng er ein enkel treningshall utan tribuner.

Sjå til Danmark
For fleire år sidan var det populært i lokalpolitiske kretsar å sjå til Danmark og korleis ein gjorde ting der.

Os Turn Handball har vore fleire gonger på Rødspætte Cup i Fredrikshavn i Danmark. Ei av dei tinga som slår oss mest når vi kjem ned der er at kvar ei skule har sin hall. I Danmark får ikkje kommunen lov til å bygga skule utan at dei bygger ein gymsal stor nok til å spela handball i.

Det er ikkje flotte fancy hallar, men heilt enkle løysingar med fire veggar og tak. For ein uinnvidd kan den sjå ut som om teikningane på hallen har gått på rundgang frå skule til skule etterkvart som dei har blitt bygd.

Tenk smart, sjå til Danmark og ta vare på dei unge.

Sjå til Stord
For nokre år sidan vedtok politikerane på Stord å bygge ny flerbrukshall i samband med Nordbygdo ungdomsskule. MEN dei gjekk i ei felle. Hallen dei planla var ein liten flerbrukshall (på størrelse med ei volleyballbane).

Meldinga dei fekk frå fylkeskommunen i samband med søknad om tippemidlar var at om dei valte å bygge ein liten hall hamna dei lengre bak på prioriteringslista enn om dei gjekk for ein full hall. Fylket er klar i si innstilling. Små hallar blir ikkje prioritert om det er behov for ein stor. Det er det på Os.

Få 3 millionar ekstra
Ein liten hall kostar omlag 16 millionar medan ein full hall inkludert garderobar og det heile kostar omlag 25 millionar kroner.

Ved å byggje ein full hall får kommunen 7 millionar i spelemidler mot «berre» 4 for ein liten.

Meirkostnaden på å bygge ein full hall blir difor berre 6 millionar. Ein kostnad eg meiner Os kommune ikkje har råd til å la vera å ta med tanke på den forventa veksten i folketalet i kommunen dei komande åra.

Os kommune er, og skal vera ei vekstkommune – også for idretten.

Lukke til med valprogramma. Gjer smarte val!

Sportsleg helsing

Andris Hamre
Idrettsfar og leiar i Os Turn Handball
(Hamre er òg journalist i Midtsiden)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.