Kultur | 18. juni 2017

Kjartan Lauritzen til Tysnesfest

– Vi har spart ein skikkeleg godbete til slutt.

Kjartan Lauritzen til Tysnesfest
Rapparen Kjartan Lauritzen frå Balestrand kjem til Tysnes med fersk EP. (Pressefoto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 18. juni 2017 07:40

I april kom siste tore slepp av artistar til Tysnesfest 2017, åtte musikarar i ein éingong. Frå før er blant andre Alan Walker, Highasakite, The Waterboys (UK), Amy Macdonald (UK), Astrid S og Kim Larsen (DK) klare for å spela på Tysnes.

No har det snike seg inn nok eit namn til årets festival.

– Vi har spart ein skikkeleg godbete til slutt! Straight outta Sognefjorden kjem unge Kjartan Lauritzen, heile Noregs nye store rap-forelskelse, fortel Tysnesfest i ei pressemelding laurdag kveld.

– No har han akkurat gått av scenen på Bergenfest, og vår utsendte «spion» melder tilbake at vi kan gle oss til ei heilsprø oppleving når kjartanismen inntek Tysnesfest!

Ny EP og mykje galskap

Kjartan kjem frå Balestrand og har bakgrunn frå Norges Kreative Høgskole i Bergen. Der byrja han å skriva beats og tekstar, no er han kjent for låtar som «Fredag», «Havanna» og «Nyte D». Fleire store plateselskap har kontakta han, men til TV2 seier han at han ikkje stolar på bransjen og heller vil ha pengane sine sjølv.

– Vi såg Kjartan på scenen for første gong når han avslutta 100 Dagar på Stord i 2016, og skjønte med éin gong at han her måtte vi få tak i. Kjartan lagar rapmusikk med ein god porsjon sjølvironi og rar humor, noko som kjem godt fram i hans nyaste EP «Fenomenet», som vart sleppt i går.

– Kjartan sine sceneshow er reinspikka galskap, stagedives og 100 % overtenning!

Lauritzen speler på Tysnes laurdag 15. juli.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.