Kyrkjeverje Gerhard Hansen gler seg til å ta imot gjestane i den nye storsalen i Tunet kyrkje- og kultursenter (foto: Andris Hamre)

Kjem akkurat i mål

I kveld opnar Tunet kyrkje- og kultursenter med stor festivitas og konsertar. – Tida har holdt. Det som gjenstår no har vi kontroll på, forsikrar kykjeverje Gerhard Hansen.

image
image
image
image
image
image
image
image
Av: Andris Hamre

I juli starta arbeidet med å rusta opp og utvida kyrkjelydshuset. I desember fekk dei tett hus og i kveld blir det storstilt opning med helsingar frå kommune og prosti i tillegg til fleire musikalske innslag og god mat.

– Det er hektisk no i innspurten. Det blir vel slik at handtverkarane går ut døra rett før gjestane kjem, smiler kyrkjeverje Gerhard Hansen i det han tek imot Midtsiden til ei omvisning berre timar før det brakar laus.

God plass til 200

I den nye storsalen er det rigga til med stolar til 200 gjester.

– Vi har fått god plass. Folk skal sitta godt i kveld. Om vi skulle hatt fleire gjester, så kunne vi nok fått inn ein 20 til her inne. Hadde vi opna dørane ut mot den nye foajeen, så hadde vi kanskje hatt plass til 50 på toppen av det igjen, fortel Hansen.

Mykje på 500 kvadratmeter

Tilbygget består av ein ny storsal, ein tilstøtande glass-sal (50 kvadratmeter møterom med glasstak), ein stor, lys og romsleg foajé, nye toalettfasiliteter, anretningskjøken og lager.

– I tillegg er den gamle delen av kyrkjelydshuset også rusta opp med like fliser og nye overflater.

– I den nye delen er det lagt til rette for både lys og bilete. Om det skulle bli behov for det, så har vi moglegheiten til å rigga opp kamera i storsalen og overføra til dei andre møteromma i huset.

Må venta på stabil varme

Hansen fortel at dei må venta litt på å gjera seg heilt ferdige.

– Ute gjenstår det å pusse veggane, men det får vi ikkje gjort før vi er sikre på at det er frostfritt. Truleg kjem det på plass i siste halvleik av april.

– Har det ellers gått etter plan med tanke på tid og budsjett?

– Ja, vi har hatt ein god prosess og eit veldig godt samarbeid med byggmester Aarvik og hans leverandørar. Har det oppstått utfordringar, så har vi funne løysingar utan å møtte heva stemma.

– Vi held oss òg innanfor budsjettramma. Det har blitt nokre ekstra kostnader med grunnarbeidet og oppgraderinga av den gamle delen som vi ikkje visste om, men vi hadde satt av reservar, så no får vi eit bygg som held i fleire tiår framover.

Blir ei flott høgtid

Kykjeverjen fortel at han gler seg til kveldens opning og resten av helga.

– Det blir ei flott høgtid, humor og varme. Høgtid blir det med helsingar frå kommunen, prosten i Fana og ivrige støttespelarar gjennom år. På scenen får vi med oss Fonos, ein av årets konfirmanten Thomas Hjertager på piano, vokalgruppa Taus og Søstrene Trætteberg. Alle kjent for si veldige glede og engasjement. I tillegg har vi hyra inn Osøyro Kolonial som vil servera tapas og kaker. Det er kjekt å la lokale verksemder i etableringsfasen få visa seg fram.

– I morgon er det ope hus det meste av dagen med laurdagssprell for barnefamiliar frå klokka 11, graut frå klokka 13, ettermiddagskaffe frå 15 og ungdomskveld frå klokka 18 som avsluttast med lovsangskveld.

– Søndag har vi først festgudsteneste i kyrkja med kykjekaffe i nyesalen, søndagssamling og konsert i kyrkja klokka 18. Etter konserten blir det ein enkel jazzkafé i store salen for dei som ønskjer å få det med seg, avsluttar kyrkjeverje Gerhard Hansen.

Fleire saker

bilde-midtsiden

Finvêret held fram

20. juli 2017

I kveld skal det bli 27 gradar. Dei neste seks dagane ser heller ikkje så verst ut.

bilde-midtsiden

Yrande liv

19. juli 2017

Det tok ikkje lang tid før folk strømma ut og til stranda. Del din sommar på Instagram: #mellomfjordarogfjell

bilde-midtsiden

Notabene blir ARK

19. juli 2017

Frå torsdag finn du ikkje lenger Notabene på AMFI Os. Bokhandlarkjeda ARK har nemleg kjøpt butikken på Os, som ein av 24 i landet.

bilde-midtsiden

Innbrot i barnehage

19. juli 2017

Politiet har gode spor etter innbrot i ein privat barnehage natt til onsdag.

bilde-midtsiden

Mykje stygg køyring

19. juli 2017

Politiet melder om mykje stygg køyring tysdag. Mann i 50-åra tatt utan førarkort.