Lokal | 12. juni 2017

Kjem denne i Vikjo laurdag?

Osbadet har plan om å delta på Oseanamarknaden med den nye hinderløypa si!

Kjem denne i Vikjo laurdag?
Om vêrgudane vil kan du testa Osbadet si hinderløype i Mobergsvikjo laurdag (foto: Andris Hamre)
Andris Hamremandag 12. juni 2017 10:43

Nattbading har blitt ein populær aktivitet i Osbadet. Endå meir populært blei det då badet gjekk til innkjøp av ein Wibit - ei oppblåsbar hinderløype som ligg på vatnet.

Les òg: Wibit i badet

Om vêrgudane tillet det kan ein førstkommande laurdag få testa løypa utandørs når Osbadet tek den med seg til Oseanamarknaden og legg den ut i Mobergsvikjo.

– Planen er i utgangspunktet det, men vi er litt usikre på vêrmeldingane med tanke på temperatur og vind, så vi tek ikkje endeleg avgjerd før litt seinare i veka.

– Om vi ikkje får det til no til helga, så kan det vera at vi får det til seinare, til dømes i samband med marknadsdagar, Osfest eller andre arrangement, fortel Jon Sivert Rykkel i Osbadet.

Våtdrakt og redningsvest

Enn så lenge, så planlegg Osbadet for at det blir brukande vêr.

– Vi veit at det er relativt kaldt i fjorden, så dei som har våt- eller tørrdrakt bør nok ta det med seg. Vi kjem i allefall til å gjøre det sjølv når vi skal sette den ut.

– I tillegg stiller Osbadet med badevakter og redningsvester som dei som vil prøva hinderløypa må bruke av omsyn til tryggleiken.

– Du hamnar i vatnet uansett

Innandørs er rekorden på å passera den 15 meter lange og 2 meter breie hinderløypa 7.07 sekund.

– Om nokon klarer å slå den, så blir eg impontert, for det er raskt.

– Uansett må ein vera førebudd på å bli blaut i og med at det siste hinderet endar med ein nedoverbakke. Det er ikkje så vanskeleg å ta seg heilt dit, om ein tek tida til hjelp, men skal ein freiste å slå rekorden, så er risikoen så absolutt til stades for at ein fell av før, seier Rykkel.

Har blitt svært populær

Rykkel fortel at Wibit-en har blitt svært populær etter at badet gjekk til innkjøp av den i mars.

– Vi brukte den mykje i påsken og nyttar den endel i helgene, men det er litt avhengig av kor mange gjestar vi har, for den tek ein god del plass når vi har den i bassenget.

– På fritidsordninga og nattbadinga blir den mykje brukt, og inntrykket er at den har blitt veldig populær på kort tid. Det ser ut til at vi med den har nådd ungdomssegmentet på ein ny måte, fortel Rykkel.

Hinderløypa er ein del av Oseana si kunsthandverksmarknad - Oseanamarknaden, kor det også blir fleire konsertar i tillegg til salsutstillinga. Midtsiden kjem tilbake med eiga sak om denne.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.