Næringsliv | 16. aug. 2014

Kjem heim til deg

Marianne Horn starta omreisande frisørverksemd. – Mange av kundane er heimeverande mødre, fortel frisøren.

Kjem heim til deg
Marianne Horn i ferd med å gje Tone Byrkje Tømmernes ny sveis heime på Tone sitt kjøken (foto: Andris Hamre)
Andris Hamrelørdag 16. aug. 2014 07:27

Medan ho gjekk heime med ein nyfødd son kom ideen om å starta opp si eiga frisørverksemd, men ikkje på tradisjonelt vis.

– Eg tar med meg heile frisørsalongen i bilen og reiser ut til kundane, fortel Marianne Horn.

I bilen har ho alt du finn på ein vanleg frisørsalong, frå sakser, rettetang og hårpleieprodukt, til utstyr for farge og mobil hårvask.

– Kundane skal sleppa å stå opp-ned i dusjen for å skylla ut farge eller permanentvæske, forklarer ho med eit smil.

Hadde lyst til å hjelpa

Bakgrunnen for at ho starta som heimefrisør var ønske om å hjelpa dei som av forskjellige grunnar ikkje kunne eller ville reisa til ein ordinær frisørsalong.

– Veldig mange av kundane mine er heimeverande mødre, som ikkje ønskjer det stresset det kan vera å ha med seg ungane til frisøren.

– I tillegg er det ein del familieklipp, kor både foreldra og ungane får klipt seg same dag.

– Etter mange år på salong, veit eg kor “skummelt” ein del ungar synest det er å gå til frisøren. Då er det mykje enklare å gjera det i trygge omgjevnader heime på kjøkkenet eller badet, seier frisørmeisteren.

Horn har òg samarbeid med Hordnestunet i Bergen, Fusa Bu- og behandlingsheim og heimesjukepleien, slik at deira pasienter kan få stelt håret når dei ønskjer.

Vil starta stylingkveldar

Som 16-åring starta ho læretida si på ein frisørsalong i heimlandet Tyskland. Etter det har det blitt svennebrev på både dame- og herreklypp og seinare meisterbrev og utdanning som make-up-artist.

– Ein idé eg har vidare er å tilby stylingkveldar.

– Damer som skal ut på byen liker jo å stella seg, så då kan vi jo gjera det til eit triveleg vorspiel kor eg er med på å gjera dei klare til ein kveld på byen.

– Deilig å ta det heime

Midtsiden er med når Horn besøker ein av kundane, Tone Byrkje Tømmernes.

– Eg hadde lyst til å prøva noko nytt, og var veldig nøgd første gongen Marianne klipte meg.

– Det er heilt ok å gå på ein frisørsalong, men det er endå betre å få gjort det heime. Her er det stille og fredeleg.

– Dessutan er det ein del ting som går kjappare når det berre er vi to, for eksempel farging, som ho skal gjera i dag.

– I tillegg er det eg som får bestemma når det passar, ikkje når salongen har ledig tid, forklarer Tømmersnes når ho fortel kvifor ho har valdt å nytta Horn sine tenester.

– Hår er ein lidenskap

Horn håper den nye måten å driva frisørtenester på vil bera seg.

– Eg er lidenskapleg opptatt av hår. I tillegg til å driva med dette jobbar eg for opplæringskontoret for frisørfag i byen.

– Det er ein litt meir sesongbetont jobb kor eg er med og kvalitetssikrar lærlingane i faget før dei skal opp til fagprøve.

– Ein utruleg kjekk jobb kor eg får møta nye kollegaer på starten av karriera deira, fortel Horn.


Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.