Lokal | 10. okt. 2017

Kjem ikkje i gang før 2021

Vegen mellom Åsen og Helleskaret let venta på seg. Bygginga startar truleg ikkje før i 2021.

Kjem ikkje i gang før 2021
Vegen som skal kobla Lysefjorden saman med Endelausmarka mellom Åsen og Helleskaret let venta på seg.
Andris Hamretirsdag 10. okt. 2017 09:39

I juni blei det klart at opsjonen kommunen, fylkeskommunen og Statens Vegvesen hadde med Veidekke om bygging av fylkesvegen mellom Åsen og Helleskaret blei kansellert.

Rådmann Christian Fredrik Fotland fortalde i den samanheng at vegen kunne bli kommunal og at han ville koma tilbake til kommunestyret med ei eiga sak no i oktober kor ein tek ei grundig gjennomgang av prosjektet.

Må omprosjekterast

I innleiinga til 2. tertialrapport som skal handsamast i dei ulike politiske utvala og kommunestyret denne månaden avslører Fotland at ein truleg tidlegst kan komma i gang med vegen hausten 2021.

– I økonomiplanen har vi sett av totalt 35 millionar kroner til fylkesveg Åsen- Helleskaret. Det har dei siste månadene vore dialog mellom Os kommune, Statens vegvesen og Hordaland fylkeskommune vedrørande prosjektet. I samråd med HFK og Statens vegvesen har vi sagt nei til å nytta oss av oppsjonen med Veidekke for bygging av vegen. Det var ikkje tilstrekkeleg budsjettmidlar til å bygge vegen ihht opsjonen. Statens vegvesen har difor gjort ei anbefaling på nedskallering av vegstandard.

– Dette gjer at det må omprosjekterast og truleg også regulerast om. Kommunen tek på seg dette ansvaret, og starter dette arbeidet no i haust. I og med at opsjonen ikkje vart nytta vil prosjektet ikkje starta opp før hausten 2021.

– Mykje tyder på at det vil vere teneleg å byggje vegen som ein kommunal veg med tilskot frå HFK og grunneigarar, skriv Fotland som vil koma tilbake med ei utgreiing og i samband med komande budsjett og økonomiplaner.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.