Kjersti Tyse Lyssand i siste bakke, 200 meter frå mål. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Kjempa seg på pallen i Langedalen Opp

Kjersti Tyse Lyssand var einaste frå Os på topp 3 i årets Langedalen Opp.

image
image
image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Langedalen Opp hadde i dag 106 deltakarar i mosjonsklassen og 45 i konkurranseklassen.

Mens mosjonistane fekk ein tur i fint haustvêr opna slusene seg rett etter start på konkurranseklassen.

– Eg er ikkje så god på flaten, og det er ein del flater i dette løpet, mellom dei tunge motbakkane, sa Kjersti Tyse Lyssand før start.

Ho kjempa seg likevel til ein 3. plass i kvinneklassen, uavhengig av alder.

Favorittane vann

Eli Anne Dvergsdal, som har løyperekorden, vann klassen. Ho knakk ankelen og sto over i fjor, men var tilbake som raskast i år.

I herreklassen var det òg mannen bak løyperekorden som vann. Espen Roll Karslen stakk av med sigeren for femte år på rad.

– Eg venta ikkje så god tid, det har vore ein sesong med skade etter ein god etappe i Holmenkollstafetten i vår, då vi med Gneist tok 4. plass.

– Eg byrja å delta i løp igjen no i haust og fekk 3. plass i eit motbakkeløp i Tromså for to veker sidan.

Løyperekorden er på 7.09, i dag sprang han på 7,22.

– Det er eg nøgd med, seier Espen, som også i år hadde Lars Lunde frå Stord rett bak seg.

Topp 3 kvinner
1. Eli Anne Dvergsdal: 8,29
2. Christine Ellefsen Hopland: 8,56
3. Kjersti Tyse Lyssand: 9,26

Topp 3, herrar
1. Espen Roll Karlsen: 7,22
2. Lars Lunde: 7,29
3. Joachim Losnedal Tonning: 7,50

Midtsiden kjem tilbake med fleire resultat og stor bildeserie.

Fleire saker

bilde-midtsiden

29 millionar til bruer

20. september 2017

Fylkesvegar • Fylkeskommunen vil setta av 29 millionar til bruer og 18 millionar til Åsen-Helleskaret.

bilde-midtsiden

Østervold matchvinnar igjen

19. september 2017

Lysekloster fekk det tøft mot Aalesund 2, før utvisinga, men nok ein gong sørgja Kristoffer Østervold for full pott.

bilde-midtsiden

Musikalsk Grytten-premiere

19. september 2017

– Det er ei gåve å ha Espen Leite på trekkspel, seier Albert og Anna-skodespelarane. I morgon har dei Noregspremiere i Os.

bilde-midtsiden

Slo Sædalen på heimebane

19. september 2017

– Vi varierer for mykje, seier Kvile, sjølv om Os 2 har tapt berre 1 av 6 kampar etter ferien.