Sport | 06. okt. 2017

Kjempar for opprykk og mot nedrykk

Lysekloster og Os: Sånn blir innspurten - her er oddsen.

Kjempar for opprykk og mot nedrykk
Kan Ruben Hetlevik leia Lysekloster tilbake til 2. divisjon? Kan Os bita seg fast i 3. divisjon også i år? (Foto: CFB/KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 06. okt. 2017 08:37

I fjor var det omlegging i toppfotballen og nyopprykka Lysekloster måtte klara topp 7 for å halda seg i 2. divisjon. Samtidig måtte Os klara topp 4 for å halda seg i 3. divisjon.

Lysekloster tapte dei 6 første og dei 8 siste kampane, landa på 9. plass med 30 poeng og rykte ned.

Os fekk ein tight innspurt, men slo Bjarg 6-2 og Sotra 5-2 og tok 4. plassen, beste plassering i 3. divisjon sidan opprykket i 2009.

I haust har begge topplaga i ny, skjerpa 3. divisjon, Brattvåg og Lysekloster, avgitt poeng og hatt sjansar til å dra frå kvarandre. Os har, etter 4-3-siger over Lysekloster, avgitt endå fleire poeng og plassert seg sjølv i nedrykksstrid.

Dei tre siste rundane

Lysekloster er a-poeng med serieleiar Brattvåg. Os er på 10. plass to poeng over streken og berre 5 poeng skil 7. plass frå 11. plass.

Tre rundar står igjen.

Dette er motstandarane - og konkurrentane sine kampar i innspurten:

Laurdag 7/10: Varegg - Lysekloster
Laurdag 14/10: Lysekloster - Sotra
Laurdag 21/10: Brann 2 - Lysekloster

Laurdag 7/10: Haugesund 2 - Os
Laurdag 14/10: Aalesund 2 - Os
Laurdag 21/10: Os - Brattvåg

Lysekloster og Brattvåg ligg 9 poeng framfor Fyllingsdalen og Sotra. Brattvåg har suveren målforskjell (67-26 mot Lysekloster sine 47-29), så om Lysekloster skal rykka opp må Brattvåg avgje poeng.

Brattvåg møter Brann 2, Haugesund 2 og Os i dei tre siste rundane.

Os kjempar mot Stord, Haugesund 2, Brann 2, Førde og Spjelkavik om å unngå 11. plass eller dårlegare. Fjøra og Aalesund 2 blir rekna som ute av kampen om å halda seg i 3. divisjon.

I dag ser det sånn ut rundt streken:
7. Spjelkavik 31 poeng
8. Brann 2 30 poeng
9. Førde 30 poeng
10. Os 28 poeng
11. Haugesund 2 26 poeng
12 Stord 24 poeng

Os møter Haugesund 2 borte i morgon. Haugesund 2 møter seinare både Brattvåg og Stord.

Brann 2 møter Brattvåg og Lysekloster, Førde møter Spjelkavik, Fjøra og Varegg.

Odds: Trur Os rykker ned og Lysekloster glipper på opprykk

Oddssetjarane hos norskeigde Coolbet.com trur Brattvåg vinn opprykkskampen mot Lysekloster, mens Os og Stord blir nedrykkstaparar.

I bunnen er Fjøra og Aalesund 2 allerede fortapte. Stord ligger veldig utsatt også med fire poeng til sikker mark.

– Fjøra og Aalesund 2 blir liggande i botnen. Over dette er Stord truleg fortapt, så blir det ein thriller om den siste plassen, seier Mikael Mellqvist frå Coolbet.com.

– Etter å ha sett på kampskjemaet og korleis andrelag ofte blir satsa på mot slutten av sesongen så blir stalltipset Os-nedrykk.

Oddsen på Os-nedrykk er 1.90, mens Haugesund 2 gir 2.30.

I opprykkskampen leiar Brattvåg på målforskjell over Lysekloster.

- Brattvåg har det framleis i eigne hender og vi trur dei klarer det. Men om Os bergar plassen i siste runde, med siger over Brattvåg, og samtidig gjer at Lysekloster rykker opp, så ville det vore spesielt, seier Mellqvist.

Om Os bergar plassen før Brattvåg-kampen, men hindrar Lysekloster-opprykk ved å tapa for Brattvåg, kan det òg bli spesielt …

Opprykksodds frå Coolbet:
Brattvåg 1.50
Lysekloster: 2.48

Nedrykksodds fra Coolbet:
Stord 1.20
Os 1.90
Haugesund 2 2.30
Brann 2 5.00
Førde 5.00
Spjelkavik 8.00

• Ekstern lenkje: Tabell, Norsk Tipping-ligaen avd 4

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.