Kultur | 30. sep. 2014

Kjempekontraktar til Aurora

Aurora Aksnes har inngått platekontraktar i Europa og USA. – Det er knapt nokon i Noreg som som har fått ein betre kontrakt, seier manager Geir Luedy.

Kjempekontraktar til Aurora
Aurora Aksnes, her på Osfest 1. august. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Andris Hamretirsdag 30. sep. 2014 13:51

Tysdag blei det kjend at det musikalske stjerneskotet Aurora Aksnes, som har hatt heile Noreg med storm denne sommaren, har teikna nye platekontraktar.

Den unge musikaren frå Lysefjorden skal spelast inn på Decca i Europa og Glassnote i USA og andre kontinent.

Til BT.no fortel manager Geir Luedy at dette utan tvil er den beste kontrakta han nokon sinne har vore med på å underteikna.

– Vi ville signere for heile verda. Dette er ein prosess vi har nytta mykje tid på. Vi signerar til dei absolutt kulaste folka i bransjen.

- Det er knapt nokon i Noreg som har fått ei betre avtale, fortel manageren.

Frå New York til Oseana

Aurora Aksnes er eit av dei fem stjerneskota Os Musikkforening har fått med seg på sin konsert for å løfta fram lokale talent frå Osbygda. Konserten går i Oseana 25. oktober.

– Vi skal spele inn eit album som sleppast i 2015. Det skjer delvis i Bergen, Berlin og London. Vi er mykje utanlands for tida, blant anna skal vi til New York i oktober for å gjera fem spelejobber, seier Luedy til BT.

Førre veke spelte Aksnes i London. I samband med konserten skriv MTViggy.com at Aurora Aksnes er ein av artistane Noreg må eksportera så fort som råd er.


Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.