Lokal | 21. apr. 2018

Kjempestart for båtutstilling

Godt besøk då Askeladden opna permanent «båtmesse» laurdag.

Kjempestart for båtutstilling
Henrik Askvik og Jonathan Dyrstad gler seg over godt besøk dei første timane etter at dei opna den permanente «båtmessa» (foto: Andris Hamre)
Andris Hamrelørdag 21. apr. 2018 11:20

Laurdag morgon opna Askeladden og Båtens beste si permanente innandørs båtutstilling i dei gamle produksjonslokala i Strønevegen.

– Endeleg får vi vist alle modellane våre året rundt, sa Jonathan Dyrstad til Midtsiden då vi snakka med han førre helg.

Stor interesse

Allereie då Dyrstad opna dørene klokka 10 laurdag formiddag strauma folk på.

– Det har vore bra med folk frå vi opna og heile dagen, så dette er vi nøgd med. Det har faktisk kome fleire enn eg turde å håpe på, fortel Dyrstad når vi møter han, travelt oppteken med å servere hotdog til ungane og kaffi til dei vaksne.

Like entusiastisk er Askeladden-eigar Henrik Askvik.

– Dette har vore ein kjempestart. Eg er kjempenøgd, smilte Askvik.

Viktig verktøy

Som i bilbransjen opplever båtbransjen at folk nyttar nettet meir og meir for å orientere seg.

– Eg hadde ei episode for ikkje så lenge sidan. Eg fekk epost frå ein kar som ville ha tilbod på ein C83. Eg sendte han eit tilbod med standard vilkår, mellomanna betaling av ein prosentsats ved bestilling.

– Til svar fekk eg berre OK. Dagen etter kom rekneskapsføraren og lurte på kva dei 170.000 kronene som var kome inn på kontoen var. Det viste seg at han hadde akseptert tilbodet, smiler Dyrstad.

Det er ikkje alle "nettkundane" som det går like raskt med.

– Då blir denne utstillinga eit viktig verktøy for at kundane heile året kan gå inn i eit lyst og fint lokale for å sjå på dei ulike modellane våre, avsluttar Dyrstad som i ettermiddag har åtti påmeldte til eit lukka arrangement i messehallen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.