Bjørg Randi Lekven og Arvid Myrmell fekk ein tur i sykkelen med Tormod Hansen som pilot (foto: Andris Hamre)

Kjøper el-sykkel til demente

Tillsett Bjørg Randi Lekven tok inititativet og starte innsamling til kjøp av el-sykkel på demensavdelinga. Pårørande Arvid Myrmell garanterer at dei skal komma i mål.

Av: Andris Hamre

Fredag formiddag fekk begge to seg ein tur i rickshawen Tormod Hansen frå Sykling uten alder hadde med seg for å visa fram på Luranetunet.

Bjørg Randi Lekven har teke initiativet til innsamling av midlar for å kunne kjøpe ein rickshaw (sykkel med to sitteplasser foran) til demensavdelinga på Luranetunet. Ein sykkel kostar omlag 80 000 kroner.

– Vi hadde vårfest på tysdag og selde lodd og samla inn penger. No går vi ut til privatpersonar og næringslivet i bygda for å komma i mål, fortalde ho under visinga av sykkelen fredag. Firma og privatpersonar som vil bidra kan berre kontakte avdelinga.

Viktig at dei kjem seg ut

Pårørande Arvid Myrmell ser viktigheiten av at kona Vibeke og dei andre på avdelinga kjem seg ut i frisk luft og har sagt at han garanterer for sykkelen. Det dei ikkje klarar å få dekka inn gjennom innsamling skal han betala.

– Eg ser kor godt Vibeke har det når ho får vera ute i frisk luft. Både ho og dei andre på avdelinga er har ei enorm glede av å få komma ut, kjenne luktene og sjå blomer og trær grøna. Med denne sykkelen kan vi vera med å lette kvardagen til dei som jobbar på avdelinga ved at dei kan få med seg to ut i staden for berre ein om gangen, fortel Myrmell.

Har spreidd seg til heile verda

Tormod Hansen er frivillig eldsjel i Sykling uten alder, ein organisasjon som mellom anna held kurs for sykkelpiloter og organiserer frivillige som stiller som syklister.

– Sist eg talte opp var det 152 kommunar over heile Noreg som har ein eller fleire syklar. Oslo har mellom anna 66 og bestilte seg nettopp 20 til.

– Det heile starta med Ole Kassow i København. Han sykla forbi ein pleieheim kor det kvar dag satt ein mann som vinka til han. Ein dag fann Ole ut at han skulle leige ein rickshaw og spørje om nokon ved pleieheimen ville vera med på tur.

– Ei eldre, dement dame var den første som sa ja. Dagen etter fekk han ein telefon frå styraren ved pleieheimen som lurte på kva han hadde gjort med dama. Ho hadde fått ein heilt anna glød etter turen. 

– Det blei starten på sykling uten alder og ein organsisasjon som no har spreidd seg til over 30 land i heile verda, fortel Hansen som fortel om ein enkel idé med enorme effektar.

– Det å gje pasientane moglegheiten til å komma seg ut har effekt på den mentale helsa deira. Det er ingen av oss som trivst med å berre sitte inne. Den friske lufta veit vi har effekt, men det gir dei òg følelsen av å leva når dei kjenner luktene, høyrer lyder frå naturen og får vind i håret. I tillegg er det jo god trim for piloten, smiler Hansen.

Fleire saker

bilde-midtsiden

Hadde motorsag med på scenen

22. september 2017

Det blei blodig då dei spelte i Bergen på 90-talet. I morgon går Bastard Son Of Buddha på scenen hos Hanne’s.

bilde-midtsiden

Vi hevder oss bra

21. september 2017

Leserbidrag: Rosjef Eirik Vevatne oppsummerer Ungdomsmesterskap og Ulvenregatta.

bilde-midtsiden

– Ikkje rart barn mobbar

21. september 2017

– Når ein ser korleis vaksne oppfører seg i kommentarfelta, seier Gisle Hesjedal (Ap).

bilde-midtsiden

Pleiepengar til fleire

21. september 2017

Frå 1. oktober får ordninga med pleiepengar ei betydeleg utviding.