Næringsliv | 18. feb. 2014

Kjøper guide-selskap

Osbuss får nok eit dotterselskap når dei styrkar turistsatsinga i bergensmarknaden ved å kjøpa opp Bergen Guide Service AS.

Kjøper guide-selskap
Arne Bogevik (t.v.), her saman med Kenneth Valle i Osbuss AS. (Arkivfoto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 18. feb. 2014 09:46

Osbuss AS er framleis i vekst og satsar vidare mot turistmarknaden i Bergen.

I fjor utvida Osbuss AS og dotterselskapet City Sightseeing Bergen AS garasjen frå 17 til 23 bussar.

No kjøper Osbuss selskapet Bergen Guide Service AS, eit selskap dei har hatt samarbeid med i ei årrekkje.

– Samarbeidet blei endå tettare etter at vi i 2008 kjøpte bussane til Centrum Bilutleie. Vi kjøper guidetenester hos Bergen Guide Service og dei leiger bussar hos oss ved behov, fortel dagleg leiar Arne Bogevik.

50 guidar på 20 språk

I 2009 starta Osbuss AS dotterselskapet City Sightseeing Bergen AS, som driv sightseeing i Bergen med fleire cabriolet-bussar.

– Kjøpet av BGS er i tråd med strategien vår om å bli ein viktig aktør innan reiseliv i Bergen, seier Bogevik.

Bergen Guide Service AS utgjer 2,5 årsverk, men disponerer over 50 autoriserte bergensguidar som til saman snakkar 20 ulike språk.

Fleire fellestrekk

– Det er mange fellestrekk mellom våre to firma, seier dagleg leiar i BGS, Anne Lien.

Ho er også seljar av selskapet, men blir verande i jobben.

– Både Osbuss og Bergen Guide Service er opptatt av å levera kvalitet og samtidig jobba for å ha eit godt arbeidsmiljø, å ha det kjekt på jobb, og å ta vare på våre tilsette.

– Vi har med dette fått ein påliteleg og langsiktig eigar, og jeg er overbevist om at vi kan dra nytte av kvarandre sine kunnskapar på ulike område.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.