Kjøper skilt i Euro
E39 Svegatjørn - Rådal: For forhåpentlegvis å få lågare pris har Statens Vegvesen gjort innkjøp av skilt i Euro.
Statens Vegvesen har for første gang skrive kontrakt om innkjøp i Euro på E39 Svegatjørn-Rådal. Kontrakten er inngått med Roxel Infra AS frå Stavanger og gjeld skilt på vegprosjektet.
Kontraktsummen er på drøye 294.000 Euro.
– Grunngjevinga for å be om pris i euro er at dei aktuelle skilta ikkje blir produserte i Norge. Leverandøren må difor betale for skilta i euro. Statens vegvesen vurderer det slik at kostnaden hadde blitt høgare dersom leverandør skulle ta valutarisikoen. No tek byggherre eventuell risiko her. Men då er det og mogleg at det blir ein gevinst for etaten, med ei gunstig utvikling på valuta-kursen gjennom byggeperioden, skriv Vegvesenet i ei pressemelding.
Det var tilsaman sju firma som leverte pris på kjøpet av variable fartsskilt til motorvegprosjektet. Val av leverandør blei gjort på grunnlag av lik vurdering av pris og kvalitet.
Det vil seinare bli lyst ut ein annan skilt- og signal-leveranse til prosjektet der prisane vil vera i euro.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Last ned Midtsiden-appen idag
No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.
- Gratis å lasta ned
- Bli varsla straks noko skjer
- Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.