Lokal | 06. mars 2014

– Kjøper vi noko vi allereie eig?

Os kommune vil kjøpa sentrumseigedom for 24,5 millionar av OVF/kyrkja. Terje Hatvik (V) viste til gamle arkiv og anbefaler at vi først sjekkar kva vi allereie eig.

– Kjøper vi noko vi allereie eig?
Terje Hatvik (V) har funne teikn på at Os kommune allereie eig noko av det dei no skal kjøpa. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 06. mars 2014 09:07

Os kommune vil kjøpa 24 mål tomt i Os sentrum for 21 millionar kroner.

Les òg: Kjøper i sentrum (meir om saka og dei aktuelle eigedomane)

Dette er areal kommunen til no har festa (leigd), som dei no vil kjøpa av Opplysningsvesenets fond (OVF).

Fondet er ein av dei største grunneigarane i landet, og eig blant anna mange prestegarder, prestebustadar, festetomter og store skogarealer. Opplysningsvesenets fond skal tilgodesjå kyrkjelege formål (Den norske kirke) i samsvar med Grunnloven § 106 og lov om Opplysningsvesenets fond.

– Skal vi ausa meir pengar i lomma på Staten?

Den første som tok ordet då saka var oppe i kommunestyremøtet tysdag var Eirik André Hesthamar (Frp).

– For det første lurer eg på kvifor OVF vil selja tomtene knytt til kyrkja, men ikkje til skulane.

– For det andre så er det ikkje lenge sidan vi måtte kjøpa mykje eigedom av Statskog. Eg lurer på kor mange millionar kroner det er meininga at vi skal ausa opp i lomma på Staten.

I 2013 kjøpte Os kommune Raudlia og Stokkedalen for 9,3 millionar kroneri 2012 kjøpe Os kommune Ervikane og Oksebåsen.

Mirakel og ran

Neste på talarstolen, Lars Atle Skorpen (Ap), meinte at ordet "mirakel" var passande å bruka medan det var snakk om kyrkja sine tomter.

Mirakelet var at han var heilt einig i førre talar, frå Frp, sitt innlegg.

– Du treng ikkje ha mastergrad i historie for å veta korleis tomteeigar skaffa seg desse eigedomane, sa Skorpen, tydeleg lite nøgd med at OVF no skal tena så mykje pengar på å selja tomt til Os kommune.

– Ser vi tilbake til middelalderen, då kyrkja erverva seg desse eigedomane, så kan vi nok kalla det noregshistoria sitt største ran, supplerte neste talar, Terje Hatvik (V).

Så kom han med ei åtvaring som fekk kommunestyret til å legga eit tilleggspunkt til vedtaket om kjøp.

– Kjøper vi noko vi allereie eig?

Administrasjonen i Os kommune har gjeve innrykk av at det har vore ein noko komplisert prosess med å klargjera grenser, festenummer, gards- og bruksnummer, kva som er festa til offentlege og private, og kva som er vidarefesta frå festar til andre.

Hatvik hadde to poeng i denne saka.

– Når det er ein spagetti av eigedomar, grenser og leigetakarar, kan vi vera trygge på at vi veit kva vi kjøper?

– Og endå viktigare, kan vi vera trygge på at ikkje vi kjøper noko vi allereie eig?

Venstrerepresentanten viste til Ossoga og statsarkivet i Bergen, som blant anna viser at ei tomt delar av Os skule står på blei teikna festekontrakt på i 1919, men blei skrive ut skjøte på til Os kommune i 1934.

Ordførar Terje Søviknes sa at han, som har deltatt i forhandlingane med OVF, ikkje har inntrykk av at seljar ikkje har orden i kva dei sel, men etter at partikollega Espen Aspenes kom med forslag om å ta med kulepunkt, blei det samrøystes vedtatt ei ny formulering, at Os kommune, før kjøp av 24,5 mål i Os sentrum, skal sjekka at grunnlaget er "historisk korrekt".

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.