Eirik Haugland med den nye ROV-en. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Kjøpte fjernstyrt ubåt

Reieriet Samba AS har investert i ROV og nytt mannskap.

image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Arbeidsbåtreieriet Samba AS, som blant anna har båtane Samba, Molly og Fox Fighter, har styrka flåten med ein ROV (remotely operated vehicle).

Førre helg var den ferdig, måndag kom dei til Os med den fjernstyrte ubåten.

Ned til 1000 meter

ROV-en, som er av typen Argus Rover (bygg 75), er produsert og levert av Angus Remote Systems AS på Laksevåg.

– Vi sel mange av denne typen her. Dette er ein av dei mindre vi leverer, men den er stor til observasjons-ROV å vera, seier prosjektingeniør Erik Kleppe frå Argus.

Han var i går på plass i Øyane for å ta testing og justering på den nye ROV-en.

Argus Rover har tre kamera, eitt bak, eit HD-kamera framme og eit vidvinkelkamera over fronten for å få full oversikt. Den er heilelektrisk og får straum og data via kabel.

– Kabelen er 1500 meter lang så vi kan fint jobba nede på 1000 meters djupne med denne, seier dagleg leiar i Samba AS, Eirik Haugland.

Den har også ein arm med grep, ein manipulator, som kan utføra mindre og enklare jobbar under vatn.

Umiddelbar inspeksjon

– Vi skal bruka den til inspeksjon av fortøyingar på oppdrettsanlegg. Vi har faste oppdrag med fortøying frå før, og når desse er skifta så skal dei inspiserast.

– No slepp kunden å få denne inspeksjonen av andre, vi tar inspeksjonen med det same vi er ferdig med å legga ut fortøyingane.

– Då kan vi retta ein eventuell feil med éin gong, i staden for å køyra ut igjen til anlegget, forklarer Haugland.

Med flyttbart kontrollrom

Til dei ni skjermane med alt frå posisjon til video frå kamera har Samba fått bygd ein eigen konteinar.

Denne er bygd av eit endå meir lokalt firma, Vest Mekaniske AS i Hegglandsdalen, det same selskapet som produserer for Aquacircle.

– No har vi plass til både ROV-en, kabelrulla og kontrollrommet i éin boks. Er det behov for det kan vi enkelt løfta heile ROV-systemet over på ein av dei andre båtane våre. Eller på ein lastebil.

Erfaren pilot

Til å styra ROV-en har Samba-gutane vore heldig og fått tak i ein erfaren ROV-førar frå Tysnes.

Kristian Lunde har jobba med inspeksjonar med ROV i Nordsjøen i åtte år.

– Selskapet eg jobba for var førebels ikkje ramma av nedgangen i bransjen, men eg brukte likevel ikkje så lang tid å tenkja på det då eg blei spurd om å jobba for Samba, seier Lunde.

Med seg som «andrestyrmann» på ROV-en har han osingen Magnus Engevik.

– Kjøper kanskje ein til

Dagleg leiar Eirik Haugland vil ikkje ut med eksakt pris, men seier investeringa ligg på mellom 4 og 5 millionar kroner.

Sjølv om prisen er av ein viss storleik vurderer dei allereie å kjøpa éin til.

– Denne skal på kontrakt med ein stor kunde av oss, så vi får lite ledig driftstid på den. Men vi reknar med at marknaden er grei og lurer på om ikkje vi skal kjøpa ein til, at vi har ein som vi kan ta oppdrag på spot.

Det er god breidde i bruksområde og bransje for ROV, alt frå byggebransjen til forsikringsselskap bestiller bruk av ROV til ulike inspeksjonar.

– Men først skal vi ha denne i drift, seier Eirik Haugland.

Vil bygga på Amundsneset

Samba AS har base i Brimsholmen ved Lepsøy, men har sikra seg større plass og betre tilkomst.

I sommar kjøpte dei delar av Amundsneset, som ligg på Sundøy under delar av Lepsøybrua, as Os kommune.

Der held dei på med planlegging av ny kai og nytt kontorbygg.

 

Fleire saker

bilde-midtsiden

– Vi ser bra ut

20. oktober 2017

Ruben Hetlevik ventar ein jamn kamp med høgt tempo mot Brann 2.

bilde-midtsiden

Kritiserte sakshandsaminga

20. oktober 2017

Terje Sperrevik (TvS) var kritisk til korleis administrasjonen har handtert Fjellheim-saka.

bilde-midtsiden

Gapahuken er ferdig møblert

20. oktober 2017

Søndag om ei veke er det offisiell opning av det store, arkitektteikna taket ved Knutabruo.

bilde-midtsiden

Krev omkamp på Hjelle

20. oktober 2017

Oposisjonen krev utgreiing av skuletomt mellom Lyssandfabrikken og Hesthaugen.

bilde-midtsiden

Å passera tøffe hinder

20. oktober 2017

Lanserte CRUX på Vindfanget: Det er ei meining bak det nye namnet til Kirkens Sosialtjeneste.