Sport | 20. apr. 2018

Kjøpte o-kart til alle ansatte

Ove Frotvedt i FanAgro ville få dei andre tilsette endå meir ut i skogen.

Kjøpte o-kart til alle ansatte
Gir Ove Frotveit Elizabeth Fosse og Atle Almeland eit hint om kor ein av postane er? (privat foto)
Andris Hamrefredag 20. apr. 2018 06:38

Fredag i førre veke var Anita Sævareid frå Os Orienteringsklubb på besøk hos FanAgro AS på Osøyro. Med seg hadde ho tur-o konvoluttar til samtlige tilsette i bedrifta, etter at Ove Frotvedt kontakta klubben.

Frotveit er nemleg sjølv ein ivrig tur-orienterar og har vore med siden Os orienteringsklubb laga den første versjonen i 2005.

– Han er ein av svært få som har besøkt alle postane kvart einaste år.

– Vi har i år starta ein lagkonkurranse mellom bedrifter, idrettslag og skular. Så då meinte Ove at var det på tide at kollegaene blei med, seier Tommy Sævareid, leiar i Os orienteringsklubb.

– FanAgro er den aller første bedrifta som har kjøpt tur-o konvoluttar til dei tilsette og meldte seg på lagkonkurransen. Vi oppmodar andre bedrifter i Os til å gjere det samme, seier Ove Frotvedt før Sævareid fortel korleis lagkonkurransen fungerer.

– Lagkonkurransen er delt i ulike grupper. Ein tur-o deltakar kan være med på eit lag i kvar gruppe. For eksempel eit idrettslag, ei bedrift og ein skule. Det koster ikkje noko ekstra å delta i lagkonkurransen, det er berre å regsitrere seg på turorientering.no og melde seg i rett gruppe.

Duka for mange spennande duellar

Lagkonkurransen legg opp til mange ulike duellar, både mellom bedrifter, idrettslag og skular.

– Kva med Midtsiden mot Os og Fusaposten, eller Os Turn mot Lysekloster. Kanskje kan skulane bruka det i gymtimane, nokre av løypene er gratis, så vi kan kanskje få ein duell mellom Os og Kuventræ barneskule. Vi oppretter lag fortløpande, så det er berre å ta kontakt.

– Tur-orientering er ein veldig fin aktivitet som er lett å komme i gang med, og sett i eit folkehelseperspektiv kan ein vel sei at her er det helsegevinst på kvar post, seier Sævareid som saman med resten av orienteringsklubben vil vera til stades under Vårsleppet på Os laurdag 28. april for å visa og forklara.

– Då kan alle som vil få prøva seg, avsluttar orienteringsleiaren.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.