Sport | 25. mai 2015

Kjørte dragrace på Ostreffet

VIDEO: Os Amcar-Club hadde godt oppmøte på det årlege Ostreffet. Mest action blei det då nokre av deltakarane skulle måla krefter.

Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 25. mai 2015 20:36

Bildeserie:

76 bilar møtte på Ostreffet i år. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Ikkje alle nådde fram. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Minst halvparten av deltakarane var tilreisande. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Svein Sagebakken kom heim frå Høyanger med denne heftige Corvetten. (Foto: KVB)

Os Amcar-Club fyller 20 år i år. Dei fleste bilane er eldre. (Foto: KVB)

Publikum stemte på sin favoritt. (Foto: KVB)

Trond Hetleflåt sin Thunderbird (t.v.) vann publikumsprisen. (Foto: KVB)

Sulen sin Cadillac (t.v.) fekk andreplass. (Foto: KVB)

Denne er rosa, men ikkje ein Cadillac. (Foto: KVB)

Ostreffet 2015. (Foto: KVB)
Ostreffet 2015. (Foto: KVB)
Kraftfull og fargerik utstilling. (Foto: KVB)

Os Amcar-Club har rundt 130 medlemmar. (Foto: KVB)

Arrangørane var uheldig med vêret. (Foto: KVB)

Mini-dragrace på våt asfalt. (Foto: KVB)

1 av 14

Ostreffet hamna i år på ein våt andre pinsedag, likevel kunne arrangørane gleda seg over godt oppmøte.

– Det blei ikkje så mykje folk på sals- og leikeområdet vi hadde laga til, men vi er nøgd med at det kom heile 76 bilar til treffet, seier president i Os Amcar-Club, Frank Hetleflåt.

Han fortel at det, etter fem rolege år i klubben, no har byrja å ta seg opp igjen.

– Vi har rundt 130 medlemmar. Nokre av oss møtast annakvar onsdag på Er-An Veikro for ein kaffi og ein softis før vi eventuelt tar ein tur til by'n.

– Klubben fyller 20 år i år, så vi har plan om ein fest på seinsommaren, i tillegg til at vi skal på Røykenes også 4. juli, seier Hetleflåt.

Kom heim med 565 hestekrefter

Drygt halvparten av bilane var tilreisande frå klubbar i Bergen, Askøy, Sotra, Nordhordland - og Høyanger.

Deltakaren frå Høyanger er utflytta osing Svein Sagebakken, som viste fram sin 2006-modell Corvette med 7 liter motor på 565 hestekrefter.

Publikum sin favoritt

Dagens gjestar blei oppmoda om å stemma på sin favoritt av dei 76 bilane i utstillinga.

Vinnaren blei bilen til Frank sin bror Trond, ein Thunderbird 64-modell.

Andreplass gjekk til Sulen frå Sotra sin kvite '58 Cadillac.

Race bak skulen

Ostreffet blei arrangert på Os vidaregåande skule sin plass. Mens parkeringsplassen var fylt med bilar var det laga til ein kort dragracebane på motsett side ned mot Ulvenvatnet.

Eit vanleg dragrace går over 1/4 engelsk mil, altså 402,33 meter. På Ostreffet var det minidragrace, som gjekk over 402 tommar (10,51 meter).

Etter to oppvarmingsrundar blei det utslåing. Svein Olav Nymark vann med sin Camaro (med øvelseskjøring-L på hekken), John Haugland kom på 2. plass i ein Pontiac.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.