Lokal | 09. apr. 2018

Kjørte for seint - er mistenkt for promille

Ein ung mann blei stoppa av politiet søndag formiddag.

Kjørte for seint - er mistenkt for promille
(Ill. foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 09. apr. 2018 08:11

Søndag klokka 10.30, litt utanfor Os sentrum, blei ein bil stoppa av politiet.

– Patruljen synest bilen køyrde påfallande sakte, fortel politioverbetjent Audun Hadler-Olsen.

Bilførar, ein mann i 20-åra, blei tatt med til legevakt for blodprøve.

– Han er mistenkt for promillekøyring og samtykka i førarkortbeslag.

Framleis ingen kontakt etter utforkøyring på Røykenes

Frå 16-tida søndag og fram mot midnatt var politiet opptatt med søk etter bilførar som køyrde utfor E39 Byvegen på Røykenes.

Søket blei avslutta seint søndag kveld.

– Han har gjeve lyd frå seg til andre, og skal verken vera skadd eller i nød. Vedkomande held seg framleis unna politiet, men vi ønskjer naturlegvis å koma i kontakt med han.

Politiet kjenner identiteten til førar. Han er ikkje mistenkt for andre lovbrot enn køyring utan førarkort og det å forlata ulykkesstaden.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.