Naboar meiner det mellomanna burde vore faste vindauge som ikkje kan opnast (arkivfoto: Andris Hamre)

Klager på sakshandsaminga

Naboar aksepterer nattklubb i Os sentrum, men meiner det skulle vore søkt om bruksendring.

Av: Andris Hamre Torsdag, februar 9, 2012 - 13:14

På vegne av BB Eiendom Invest AS og Oshjørnet AS har advokat Per Magnus Falnes klaga på kommunen si handsaming då dei godkjende at Irish Cat fekk etablera seg og byggje om i andre høgda i Brugata 1.

- Min klient er ikkje imot nattklubb på Os, men vi reagerar på korleis kommunen har handsama saka og at dei ikkje har ansett ombygginga som eit søknadspliktig tiltak, seier Falnes til Midtsiden.

- Hadde dei gjort det, ville bruksendringa vi meiner har funne stad, utløyst nabovarsel og moglegheiten til min klient å fremja sine synspunkt og å kreva naudsynte tiltak, mellomanna for å redusere støy frå nattklubben, forklarar advokaten.

Midtsiden er kjend med at andre har foreteke private støymålingar, seinest i januar, kor nivået blei målt frå 38 til over 70 dB avhengig av målestad.

Langdryg sak

Saka har versert mellom Falnes sine klientar og kommunen heilt sidan november 2010 då dei gjennom media blei klar over at nattklubben skulle etablerast.

I eit brev til Falnes sin klient skriv kommunen i desember 2010 at dei har vore i kontakt med huseigar for utfyllande opplysningar og at dei ikkje kan sjå at omsøkt endring frå restaurant, selskapslokale, pub og kafe til utestad/nattklubb er søknadspliktig etter plan- og bygningslova med forskrifter.

Etter det har det vore fleire møter og brev mellom kommunen og klagarane.

Min klient meiner at kommunen mellomanna har vektlagt udokumenterte forhold, nytta feil faktum i høve til at tiltaket ikkje har vesentleg påverknad på naboar og feil lovforståelse til grunn når det gjeld at det aktuelle tiltaket/bruksendringa ikkje sjåast som søknadspliktig, argumenterer mellomanna Falnes i si klage til kommunen.

Ser på saka

Kommunalsjef Karl Ole Midtbø stadfestar til Midtsiden at dei har motteke klagen.

- Juristen vår ser nett no på saka.

- Vi vil diskutere den i leiarmøtet i byrjinga av neste veke og gje dei et skikkeleg svar, noko eg òg har orientert klagar om, seier Midtbø.

Tips midtsiden.no

Kjetil Vasby Bruarøy + 47 90 78 92 70
Andris Hamre +47 47 90 61 11