Lokal | 05. des. 2016

Klar for beintøff finale-etappe

71 grader Nord: – Eg gruar meg til å sjå finalen, seier Gry, som er på plass i Oslo før den store kvelden.

Klar for beintøff finale-etappe
I kveld får vi veta korleis det går med Gry B. Skarstein i 71 grader Nord (foto: Matti Bernitz, TVNorge)
Andris Hamremandag 05. des. 2016 11:16

I heile haust har osingane, og resten av Noreg, kunne følgje lærar Gry B. Skarstein frå Lindesnes til Nordkapp. Klokka 20.30 i kveld går siste program på TVNorge og det blir avgjort om det er Steffen Falck-Antonsen, Victoria Birkeland eller Gry som stikk av med ein flunkande ny Toyota Rav og 380 000 premiekroner.

Finalefest i Oslo

Det blir i følgje programskaparane, som seg hør og bør ei beintøff etappe.

Heile gjengen som starta konkurransen er i dag samla i Oslo for å sjå den siste etappen saman. Kven som vinn er det berre dei tre i finalen som veit.

– Eg kom til Oslo allereie fredag og har vore ute og spist middag saman med nokre av dei andre deltakarane i helga. I kveld skal vi først ha ei samling med Lag Lindesnes, som var laget mitt, før vi møtast alle på festen for å sjå finalen, fortel Gry på telefon frå Oslo.

– Eg gruar meg til å sjå etappen for eg veit eg kjem til å syta, men gleder meg veldig til å treffe dei andre igjen. Eg har fått venner gjennom 71 grader Nord, som eg trur vil vera der for alltid.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.