Sport | 18. sep. 2009

Klar for Odda

Odda har slått Tertnes og Voss i haust. I morgon kjem dei til Os - som stiller med desse 11 frå start.

Klar for Odda
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 18. sep. 2009 10:35

Os venta eit sterkt heimelag då dei reiste til Odda i vår, men reiste heim med tre poeng etter 3-1-siger. Odda har heldt fram med å vera sterke på heimebane, med siger i 6 av 9 heimekampar.

- Dei er også eit av dei laga som har tatt flest poeng i haust, seier Os-trenar Frank Hellevik.

Og det stemmer, Odda har berre tapt for Hovding og Trio, meda dei har slått både Bjarg, Tertnes (3-0), Djerv og Voss, som dei slo 4-2 på heimebane i førre runde.

SJÅ TABELL

Os stiller med desse 11 frå start på Kuventræ i morgon klokka 15 (4-3-3):
Halvard Enes, Baste Jonassen, Einar Algrøy, Per S. Merai, Remi Osebakken, Tore Valvik, Frode Buvik, Stian Lunde, Christian Almeland, Torkel Hjertnes og Tim Henrik Sperrevik.

Einaste endring frå bortekampen mot Bjarg førre helg (2-0 til Os) er at Tim Henrik Sperrevik i morgon spelar på topp, i staden for Ramo Racic. Sperrevik var sjuk førre helg, men har vore tilbake i trening denne veka.

Os har berre tre heimekampar igjen før kvalifiseringskampar til opprykk. Etter Odda er det Trio laurdag 3. oktober og Tertnes på Kuventræ i serieavsluttinga 17. oktober.

Både Os 2, damelaget til Os og Søre Neset har bortekampar denne helga.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.