Klar for opning
Har snudd den negative medlemstrenden og er klar for sesongstart. Om vêret held seg opnar Bjørnefjorden golfklubb sommargreenane i påsken.
Bjørnefjorden Golfklubb har, som andre golfklubbar i landet, hatt ein negativ medlemsutvikling dei seinaste åra.
– I fjor var første året på lenge kor vi hadde ei medlemsauke.
– Frå å ha mista fleire hundre kvart år, var vi i fjor fleire ved årsslutt enn ved starten av året, fortel Eivind Hodneland, dagleg leiar i Bjørnefjorden Golfklubb.
Vil ha fleire med
Saman med golftrenar (Pro) Sverre Marcelius vil Hodneland gjera enno meir for å snu trenden.
– Vi kjempar kvar dag mot myten om at golf berre er for dei rike med tjukk lommebok.
– Det er så langt unna som det kan få blitt. Golf er for alle.
– For å få enno fleire til å prøva denne fantastiske sporten, inviterar vi no til tre gratis VTG-kurs (VTG= Vegen til golf, journ.mrk).
– Det er kurset du treng for å kunne spela på kva bane som helst i Noreg, eller utlandet for den saks skuld, fortel dei to.
Ein av få
Bjørnefjorden er ein av særs få golfklubbar i Noreg som tek dette grepet for å rekruttera fleire til sporten.
– Kurset kostar normalt 1600 kroner og er ei kjær inntektskilde for mange klubbar.
– Vi tenkjer at får vi fleire med på kurs, så får vi fleire medlemmar og inntektane vil koma på sikt.
– Eineste kravet vi stiller for å delta er at ein melder seg inn i Bjørnefjorden golfklubb.
– Vi har tidlegare sesongar opplevd at folk tek kurset hos oss, fordi vi har eit godt opplegg og ein dyktig instruktør i Sverre, for så å melda seg inn i den lokale klubben på Herdla, Sotra eller Fana.
– Det er bra vi utdannar golfarane, men vi ønskjer jo at dei skal bli verande hos oss, seier Hodneland.
Gratis for born
Eit anna tiltak klubben no set i gang er gratis medlemsskap for born opp til 12 år.
– Det forutset at dei melder seg på organisert trening som knøttegolf eller juniortrening.
– Ein treng ikkje forkunnskap eller utstyr, det kan ein få låna hos oss.
– Tanken er at dei skal få prøva seg på ein idrett utan å måtte gjera store investeringar ved oppstarten, forklarar den daglege leiaren.
Opnar truleg i påsken
Greenkeeperane har nytta vinteren til å gjera oppgraderingar på banen. Mellom anna er eit nytt putte-felt under utvikling.
– Alt av gjødsling og liknande er gjort, så om vêret held seg opnar vi banen no i påsken.
– Det er berre å følgje med på heimesida vår, avsluttar Hodneland.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Last ned Midtsiden-appen idag
No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.
- Gratis å lasta ned
- Bli varsla straks noko skjer
- Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.