Sport | 25. juli 2014

Klare for semifinale i Danmark

To jenter frå Os tok seg til kvartfinale i Danacup, fire gutar frå Os speler semifinale i ettermiddag.

Klare for semifinale i Danmark
F.v.: Osingane Tobias Nøss, Ole Martin Kolskogen, Knut Jordal og Alexander Tøssebro speler for Fyllingsdalen i Danacup. (Privat foto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 25. juli 2014 13:10

Dei to Os-spelarane Andrine Døsen og Anne Fjeldstad kom langt med Gneist, som dei var på utlån til, i årets Danacup.

Dei to jentene skåra halvparten av laget sine 10 mål på dei to første kampane, og heldt fram med både scoringar og målgjevande pasningar i dei neste kampane.

Etter 6-0 og 4-0 heldt Gneist fram med 2-0 i siste innleiande, 4-0-siger over eit svenskt lag i 1/16-finalen og 3-0 over Askim i 1/8-finalen.

Kvartfinalen blei jamn og Gneist og jentene frå Os tapte 4-5.

Fire Os-gutar klare for semifinalen

Eit anna lag som har både fått og lånt spelarar frå Os er Fyllingsdalen.

Talenta Knut Jordal (fødd i 2002) og Alexander Tøssebro (fødd i 2000) har meldt overgang til Fyllingsdalen.

I tillegg er Ole Martin L. Kolskogen og Tobias B. Nøss (begge fødd i '01) med til Danacup på lån.

– Vi har fått spelt mykje alle saman og vi har det veldig bra her nede, seier Ole Martin til Midtsiden.

Sjølv har han skåra 6 mål, Tobias har putta 2.

Fyllingsdalen vann 14-0, 8-0 og 13-0 i innleiande rundar og følgte opp med 4-0, 2-1 og 3-0 før dagens kvartfinale mot Vake frå Georgia.

Kvarfinalen enda med 5-0-siger og Fyllingsdalen og gutane frå Os er klare for semifinale mot Flint Tønsberg i ettermiddag.

Lysekloster til kvartfinale

Lysekloster sitt G13-lag hamna i B-sluttspelet, og her har dei gjort det godt.

Med 1-0 og 4-0 i dei to første rundane i sluttspelet er dei no klare for kvartfinale mot norske Fet.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.