Sport | 01. sep. 2015

Klarer du dette på 07:09?

I fjor blei det både løyperekord og deltakarrekord. Om knappe to veker er det igjen tid for Langedalen Opp.

Klarer du dette på 07:09?
Frå Langedalen Opp 2014. (Foto: Henrik Mjelva)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 01. sep. 2015 10:53

Det går mot to spreke helger i Os. Førstkomande søndag er det triatlon i og rundt Ulvenvatnet, søndagen etter er det Langedalen Opp.

I fjor auka deltakartalet frå 100 i 2013 til rekordmange 203.

Sjå bildeserie og resultat frå 2014

I år er det ei lita endring i løypesystemet.

Mosjon og konkurranse

– Vi kjem til å halda på mosjonsklasse utan tidtaking frå Joker, men alle som deltar i konkurranseklassen får hovudløypa frå Vindalsvatnet, fortel Andreas Søfteland frå Søfteland TIL.

Årsaka er at arrangementet krev ein del bemanning, og no blir enklare å gjennomføra.

– Mosjonsklassen er viktig, den var i stor grad med å dra opp deltakartalet i fjor.

– Men det er få av konkurransedeltakarane som valte å springa frå Joker, vi føler oss temmeleg sikre på at alle desse fint klarer å springa frå vatnet og opp.

Rekord trass blokkering

Espen Roll Karlsen sette ny løyperekord med 07:09 i fjor, trass lengre løype.

Ein grunneigar som ikkje ville ha løpet over eigedomen sin gjorde at løypa blei forlenga og arrangørane var førebudd på å trekka frå nokre sekund til den som var nær rekorden frå året før.

Det trengte dei ikkje.

– I år går løypa utanom denne eigedomen, så det blir uansett ikkje tema i år, seier Søfteland.

Premiar skal det uansett bli mange av.

– Vi har som tidlegare år fått sponsa mange fine premiar, både til dei som presterer bra og til mosjonistar som er heldige og får trekt premie på startnummeret sitt.

Løpet startar klokka 14 og førehandspåmeldinga er i gang.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.