Lokal | 26. apr. 2018

Klart for anbodutlysing

OsU-Aktiv, idretts- og kulturbygget på Os ungdomsskule, nær klart for anbodsrunde.

Klart for anbodutlysing
Slik ser inngangspartiet, med frihall utandørs, ut på dei siste skissene for idretts- og kulturbygget ved Os ungdomsskule (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretorsdag 26. apr. 2018 11:07

Gymsalen og det gamle badet ved Os ungdomsskule har i fleire år vore utdatert og modent for utskifting.

I oktober 2017 fortalde prosjektsjef Halvor Hanevik at ein håpa at ein kunne få ut anbodspapira på vårparten 2018 og at bygget kanskje kunne rivast i løpet av sommaren.

I februar 2018 fekk formannskapet ei orientering om status for dei pågåande prosjekta til prosjektavdelinga. Blant anna kom det fram at estimata for OsU-Aktiv hadde auka frå 83 til 103 millionar kroner etter som prosjektet hadde fått modna og blitt meir konkret.

– Vi har brukt mykje tid på dette prosjektet, men no er det berre ei veke før anbodsdokumenta går ut, fortalde Hanevik til politikarane i tenesteutvalet onsdag.

Eit pionerbygg

Hanevik fortalde at han ikkje liker namnet, OsU-Aktiv, som prosjektet har fått og at han har utfordra rektor Kåre Lutro på å få elevane til å koma med eit nytt namn, noko dei vil gjera.

– Bygget skal innehalde nye gymfasiliteter, kulturfasiliteter og klasserom. Det har vore eit prosjekt med tung brukermedverknad.

– Noko av det mest spennande vi gjer er å lage opne løysinger som gjer at ein kan ha aktivitet ute, men under tak. I sydlege strøk gjer ein dette for å skjerma seg mot sola. Det same problemet har vi ikkje her, men ved å byggja eit overbygg kan vi legga til rette for utandørs aktivitet sjølv om vi har klassisk vestlandsvêr.

– Bygningane vi set opp i Os kommune, skal bære preg av at vi tenkjer smart og nytt. Os Uaktiv blir ein pioner i høve frihall utandørs, forklarte Hanevik.

Brutto areal for OsU-Aktiv er på 3700 kvadratmeter.

Tenkjer likt på Hjelle

Det var i samband med ein gjennomgang av årsmeldinga for 2017 at Hanevik fortalde om status på prosjektet. Han kom òg inn på den nye barneskulen på Hjelle.

– Slik såg det ut då vi prosjekterte det i 2017. Etter det har prosjektet hatt ein god modning, fortalde prosjektsjefen og viste dei gamle skissene.

– Det ser annerleis ut no, enn det gjorde i 2017. Også på Hjelle skule, som eg trur vi skal kalle Borgafjellet barneskule, så har vi tenkt som ved OsU-Aktiv. Vi legg opp til ein kjempestor frihall, transparent, slik at ein kan ha aktivitet både ute og inne samstundes, og slik at læraren kan ha oversikt begge stader. Denne planlegg vi mot det som blir fotballanlegget, slik at det også kan nyttast på ettermiddag og kveld.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.