Lokal | 21. aug. 2014

Klart vi skal bidra, Tommy!

Lesarinnlegg: IL Øyglimt stiller opp når Tommy Aasen arrangerer Redd Barna Cup i Øyane.

Klart vi skal bidra, Tommy!
Full innsats i Redd Barna Cup då gatecupen blei arrangert for første gang i fjor (foto: KVB)
Andris Hamretorsdag 21. aug. 2014 06:25

30.august vert det for andre år på rad arrangert Redd Barna Cup ved idrettsanlegget på Søre Øyane Skule. Grunnpilaren i Redd Barna Cup er å skapa ein arena som samlar vaksne og barn til ein flott og innhaldsrik familiedag i Søre Øyane, - med fotball, volleyball, leik og musikk.

Bak initiativet står Tommy Aasen, eit unikt menneske, og ein flott representant for ungdom i Søre Øyane. At ein 16-åring vel å bruka fritida si på å hjelpa barn som ikkje har det bra, er beundringsverdig. Dette er ein gut med eit stort hjarte, ein som verkelig bryr seg.

Saman med Tommy står ei lang rekke personar og verksemder. Det viser at det er mange som ynskjer å stetta Redd Barna, og den viktige jobben dei gjer for barn i heile verda.

For å komma i mål med eit slikt prosjekt, er dugnad heilt avgjerande. Derfor er det sjølvsagt at vi i Øyglimt-familien stiller opp for å bidra. Øyglimt er særs stolte over å få vera med Tommy på denne dagen, og gler oss til å gjera vårt for at også årets Redd Barna Cup vert eit minne for livet.

Takk for initiativet Tommy, vi er klar.

For IL Øyglimt,
Eirik André Hesthamar
Leiar

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.