Sport | 09. sep. 2017

Klarte ikkje å snu bortekampen

Heime mot Herd blei det ein thriller og tre poeng. Sånn gjekk det ikkje på bortebane for Lysekloster.

Klarte ikkje å snu bortekampen
Ole Thomas Herrem (t.v.) kom inn for Hans-Christian Nysæther, men klarte ikkje å gje Lysekloster leiinga i dagens kamp. (Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 09. sep. 2017 15:06

Herd - Lysekloster 1-1 (1-1)
Målskårar, Lysekloster: Stian Lønne Dyngeland (41.)
Lysekloster: Kjetil Hansen, Mirza Mujcic, Ken-Joar Føyen, Kasper Hjørngaard, Denis Ljubivoc, Sigve Rørstad, Espen Birkeland, Hans-Christian Nysæther (Ole Thomas Herrem), Armin Pasagic (debut), Joakim Helland og Stian Lønne Dyngeland.
Gule kort (Lysekloster): Herrem.
Fleire kampfakta på fotball.no

Lysekloster spelte i dag borte mot Herd. På heimebane før sommaren låg dei under, men vann 4-3 etter ein heidundrande snuoperasjon.

Også i dag hamna dei under, 0-1 kom i 39. minutt. To minutt seinare var det utlikning, men det blei også kampens siste mål.

– Det blei ein hard bortekamp mot eit tøft Herd-lag. Vi hadde dei største sjansane før pause, men gjorde éin feil, og då skåra vertane på eit sinnsjukt skot frå 30-35 meter, fortel Lysekloster-trenar Ruben Hetlevik.

Andre omgang skildrar han som ein omgang med mykje kriging og få sjansar.

– Vi hadde ein stor sjanse på overtid, men denne blei blokkert éin meter frå målstreken.

To poeng frå toppen

Serieleiar Brattvåg tapte 1-0 for Spjelkavik i dag, dermed er Lysekloster berre to poeng bak trass poengdelinga på bortebane.

– No har Brattvåg tapt tre av dei fire siste kampane. Vi har klatra nærmare toppen og reiser heime med ei god kjensle, seier Hetlevik.

Ole Thomas Herrem fekk gult kort og må sona karantene. Samtidig kjem Østervold og Trætteberg tilbake til neste runde.

– Den nye spissen vår, Armin Pasagic, debuterte og gjorde det bra, seier Hetlevik.

Sotra, som tar imot Os i kveld, ligg på 3. plass, fem poeng bak Lysekloster før kveldens kamp.

Lysekloster må venta til tysdag 19. september på neste serierunde, som går heime mot Aalesund 2.

TERMINLISTE OG TABELL

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.