Sport | 27. aug. 2017

Klatra eitt poeng nærmare toppen

– No vil vi ha fokus på å halda nullen framover, seier Ruben Hetlevik.

Klatra eitt poeng nærmare toppen
Sigve Rørstad heime mot Fyllingsdalen i 2. divisjon i fjor. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 27. aug. 2017 16:51

Lysekloster spelte i går bortekamp mot Fyllingsdalen, som dei slo 2-1 heime i vår.

Denne gong blei det poengdeling.

Fyllingsdalen - Lysekloster 1-1 (0-1)
Målskårar, Lysekloster: Kristoffer Østrevold
Tropp og kampfakta (fotball.no)

– Vi fekk ein veldig god start og burde klart å ta leiinga i løpet av dei første 35 minutta. I staden var det Fyllingsdalen som skåra først, og vi blei gåande å jaga utlikning, seier Lysekloster-trenar Ruben Hetlevik.

Utlikninga kom i 60. minutt.

– Det blei nok ein gong eit anna kampbilde enn vi skulle ha ønska. No vil vi ha fokus på å halda nullen og på å ta leiinga. Får vi motstandarane litt meir opp på banen så kan det bli målrikt.

Serieleiar Brattvåg tapte andre kamp på rad og Lysekloster er dermed tre poeng frå tabelltoppen.

– Sånn sett har det vore ei god helg for oss. Det er åtte kampar igjen og eg synest vi framstår som betre fysisk rusta enn motstandarane vi møter. Eg har tru på at vi skal halda fram med å kjempa i toppen utover hausten.

Vladan Radojkic fekk gult kort og må no sona karantene.

Neste kamp for Lysekloster blir heime mot Førde søndag om ei veke.

TERMINLISTE OG TABELL

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.