Næringsliv | 15. mars 2017

Kleiven «gjenoppstår»

Folka bak Osøyro Kolonial har kjøpt Kleiven sit kjøkken på Osøyro. – Ringen er på ein måte slutta, seier Paal Moberg.

Kleiven «gjenoppstår»
Paal Moberg og Silja Moberg Døsen med den gamle vekta i Kleiven sitt lokale (foto: Andris Hamre)
Andris Hamreonsdag 15. mars 2017 21:14

Tysdag kveld blei det klart at aksjonærane bak Osøyro Kolonial kjøper Kleiven AS.

I tillegg til å ta vare på merkenavnet etter den kjente og kjære kjøttbutikken på Osøyro inkluderer kjøpet også lokalet verksemda hadde kjøkenet sitt i.

– På mange måtar er ringen no slutta. Det var faktisk bror til bestefar min som i si tid starta Os Slakterforretning her, ein forgjengar til Kleiven, fortel Paal Moberg, som saman med kona Silja Døsen Moberg og Bjørn Døsen står bak dei to selskapa.

Les òg: Vil gje gode råvarer til folket

Startar med kjøkkenet

Kjøkkenet har stått utbrukt sidan Kleiven kjøtt og delikatesse la ned butikken og produksjonslokala i 2011.

– Vi har ikkje gitt opp tanken å starta butikken Osøyro Kolonial, men i første omgang konsentrerer vi oss om å rusta opp lokala til eit moderne produksjonskjøkken slik at vi kan bygga vidare på cateringdelen av drifta, forklarer Silja Døsen Moberg.

– I første omgang blir det å riva ut alt som her her og bygga det opp på nytt. Vi kjem òg til å rusta opp fasaden ut mot bakgarden. Det blir trass alt det kundar og leverandørar møter når dei kjem for å henta eller levera varer.

Skal halda høg kvalitet

Etter eit halvt års drift ser Døsen Moberg at det krev mykje å halda det nivået ho ønskjer på leveringane.

– Vi ønskjer å levera noko anna enn det dei store cateringfirma gjer. Tilbakemeldingane så langt har vore gode og vi har hatt fleire gjenkjøp.

– Eg leiger meg i dag inn i kantinelokala til Os Maskinering, men dei lokala er ikkje heilt ideelle for cateringdrifta. Det skal det bli godt å kunne byggja opp eit kjøkken frå botn av, tilpassa den drifta vi ser for oss. Difor er det greitt å tune ned butikken litt i denne omgang, men den kjem, lovar Døsen Moberg.

Får med oppskifter

Samtalane med Hans Anton Kleiven har gått føre seg i fleire omganger over fleire år.

– No var tida inne for å ta dei opp att.

– Hans Anton Kleiven er ein utruleg kunnskapsrik mann, så vi har snakka om at vi skal få lære nokre av dei oppskriftene han hadde. Eg reknar med at det er fleire enn meg som saknar fleire av dei, tildømes den italienske salaten, smilar ho.

Spennande kjellar

Lokala dei har kjøpt er på omlag 160 kvadratmeter.

– Vi vil ikkje driva med sal direkte frå kjøkenet, men i kjøpet ligg også kjellaren som er ganske kul. I dag står det gamle røyke-omnar der nede frå før Kleiven si tid. Dei må nok ut, så får vi sjå om vi etter kvart finn på noko gøy der nede.

– I mellomtida kjem vi nok til å dukka opp på litt forskjellige måtar. Vi har masse idear på ting vi har lyst på gjera, avsluttar dei to.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.