Sveinung Stensletten er leiar i Os venstre (privat foto)

Klima og miljøansvar – Os inspirerer som miljøfyrtårn!

Lesarinnlegg: Os Venstre vil at kommunen også skal inspirera på klima og miljøområdet - Best i Hordaland innan 2020 kan kanskje vera eit strekjemål?

Av: Lesarinnlegg

Besteforeldrenes klimaaksjon arrangerte eit svært interessant og lærerikt møte i Kløvertun tidlegare i haust. Diverre hadde ikkje dei 3 største politiske partia i Os høve til å senda ein einaste representant verken på møtet eller til paneldebatten som avslutta møtet.

Administrasjonen i kommunen var representert og orienterte om alle tiltak som er utført og som pågår.  Det vart også orientert om at kommunen sin klima og energiplan skal rullerast i 2017. Eit av hovudtiltaka i den planen som no gjeld (vedtatt i 2012) er «Klimadugnad i Os Kommune - Utvikling av haldningar, kunnskap og dugleikar hos osingane knytt til klima og energibruk.»

Av orienteringa gjekk det fram at sjølv om det i kommunen vert gjort mykje bra innan området, er det ikkje ei systematisk måling av kva ein oppnår. I samband med rullering av den gjeldande planen er det viktig at ein ikkje berre lagar ein plan med konkret mål og tiltak. Skal måla nås må ein jevnleg måla kva ein har oppnådd. Dette kan ein, slik Os Venstre ser der, gjera ved å ta miljø og klima inn i årshjulet til kommunen og få det inn på «målekorta» som rådmannen har sett opp forslag til i budsjettframlegget sitt.

Os Venstre vil at kommunen også skal inspirera på klima og miljøområdet - Best i Hordaland innan 2020 kan kanskje vera eit strekjemål? Ein god start på dette kan vera å setja igang arbeid mot sertifisering som Miljøfyrtårn – den mest brukte sertifiseringa i Norge innan området. I samband med budsjetthandsaminga fremjar me derfor forslag om auka midlar til planarbeid slik at dette arbeidet kan gjennomførast i 2017.

Sveinung Stensletten
Leiar i Os Venstre

Fleire saker

bilde-midtsiden

Trur på eit rekordår

01. mars 2017

Bomobil AS ser lyst på 2017 sesongen etter fleire tunge år. Har seld 30 av 100 bilar og campingvogner allereie i år.

bilde-midtsiden

Baste Jonassen i ny klubb

01. mars 2017

Lysekloster mister kapteinen sin, Lysefjorden-guten som sidan 2011 har vore med på tre opprykk og eitt nedrykk.

bilde-midtsiden

Velfortent heider til Geir Lepsøe

01. mars 2017

Søre Neset Volleyball sin «Grand old man» Geir Lepsøe blei tysdag tildelt volleyballforbundets heidersmerke i sølv framfor 1100 tilskodarar i...

bilde-midtsiden

13.000 bilar over Lepsøybrua

01. mars 2017

Lesarinnlegg: Regjeringa har talt; Hordfast skal byggjast med bru over Bjørnefjorden, og kjem med forslag om å bruka eksisterande veg.

bilde-midtsiden

– Det blir midtre trasé

28. februar 2017

E39 Stord-Os: Regjeringa og samarbeidspartia KrF og Venstre har bestemt seg, dei held fast på midtre trasé og bru over Bjørnafjorden, men vil ha...

bilde-midtsiden

Veit du kven tjuvane kan vera?

28. februar 2017

Tjuvane som stal tobakk og snus for omlag 40 000 kroner frå Joker Søfteland 15. februar blei måndag etterlyst på TV2-programmet Åsted Norge. Har...