Lokal | 07. sep. 2017

– Klimadebatten har spora av

Søviknes presenterte sitt perspektiv før gårsdagens paneldebatt i Vognhallen.

– Klimadebatten har spora av
Terje Søviknes fekk halda eit innlegg før debatten starta i Vognhallen i går. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 07. sep. 2017 12:08

Onsdag kveld arrangerte Os Næringsråd paneldebatt i den nye kulturstova i Vognhallen.

Leiar for næringsrådet, Fredrik Schmidt Fotland, ønskte velkomen før han gav ordet til olje- og energiminister Terje Søviknes (Frp).

Midtsiden kjem tilbake til debatten mellom Jan Helge Corneliussen (TvS), Magne Rommetveit (Ap), Harald Lekven (Sp), Knut Børgesen (MDG), Glenn Erik Haugland (V), Pål Krabø (KrF), Ove Trellevik (H) og Espen Aspenes (Frp) i eiga sak.

Statsråd Søviknes sto for innleiinga og tok for seg velferd, verdiskaping, klima og fornybar energi.

Utan samanlikning

I innleiinga fortalte Søviknes om Noreg som ein nasjon bygd på naturressursar, frå fisk og olje til mineralar og vasskraft.

– Vi har vore heldige og flinke. No er det viktig å bruka kompetansebasen vi har bygd opp i overgang til andre næringer.

– Samtidig skal vi vera klar over at den verdiskapinga vi har hatt frå olje- og gass er unik, ingeting anna er i nærleiken. I industrien snakkar vi gjerne om éin million kroner per årsverk, innan olje og gass har vi ei verdiskaping på 7-8 millionar kroner per årsverk. Det er dette som har danna grunnlaget for velferda vi har i Noreg i dag, frå barnehage og skule til helsevesen og eldreomsorg.

– Dette er outstanding og det har gjeve oss 13.000 milliardar kroner i inntekt, 8.000 av desse milliardane står i oljefondet. Sjølv om vi ein gong i framtida finn nye jobbar til dei 200.000 som i dag jobbar i sektoren, kan vi ikkje venta oss same verdiskaping.

Å metta heile verda med energi

Frå år 1000 til 1750 auka folketalet i verda frå 300.000 til 800.000. Frå 1850 til 1950 dobla folketalet i verda seg frå 1,2 til 2,5 milliardar og på 1960 til 2000 var det dobling frå 3 til 6 millardar.

– Det er venta at vi klarer å forsyna heile verda med energi også når vi aukar til 9,7 milliardar i 2050. På norsk sokkel har vi henta opp rundt 50 prosent av olje- og gassressursane.

– Det er OG rekna ut at vi vil klara å nå 2-gradarmålet med vidare bruk av fossilt brennstoff, saman med aukande grad av fornybar energi. I dag utgjer vatn- og vindkraft berre 2 % av verda sitt samla energiforbruk. Vi reknar med å redusera det totale fossilforbruket i verda frå 100 millionar fat per dag, som det er no, til 40-50 millionar fat.

Noreg sitt energiforbruk til straum er i dag nærmast 100 % frå fornybar kjelde. Tilsvarande strekk dei seg i resten av Europa etter å koma opp i 10 %. Tar du med samla energiforbruk er Noreg i 69 %, EU sitt mål er å koma opp i 27 % frå fornybar.

– Derfor meiner eg at klimadebatten har spora av. Å tru at det å seia nei til olje er ei rell eller naudsynt løysing, er ikkje basert på fakta. Viss vi kuttar i den rekordreine norske produksjonen, kven skal då produsera olja som verda treng, som vi ikkje leverer? Ønskjer vi at Irak og Russland skal skru opp kranen?

– Om all kraft frå kol i Europa blir erstatta med norsk gass i dag, er vi allereie på 2-gradersmålet.

Ny havstrategi

Når det kjem til vasskraft reknar Søviknes med at det berre blir få nye utbyggingar, men ein del modernisering.

Han fortalte òg om regjeringa sin nye havstrategi, der han sjølv har fått ansvar for eitt av områda, mineralar i havbotnen.

– «Er det ikkje nok å henta opp olje og gass, skal dei i tillegg bore etter mineralar i havbotnen» vil kanskje enkelte seia.

– Og ja, kanskje skal vi det. Verda treng mineralar og metall, og Noreg har vore god på dette lenge. Vi har invester milliardar i teknologipiloten Hydro på Karmøy, verdas mest klima- og energieffektive produksjonsteknologi for aluminium, og vi vil halda fram med å vera viktige på metall.

Klødde etter å delta

Etter Søviknes sitt innlegg var det debatt, med statsråden som publikum. Han heldt seg roleg alle dei drygt 90 minuttane mens partifelle Espen Aspenes sat i panelet.

– Eg må jo seia at eg klødde ein del etter å vera med, ikkje minst då det kom nokre faktafeil eg gjerne ville påpeika, men det får våga seg. Det var hyggeleg å sjå på og å høyra ros også frå andre parti i løpet av debatten.

– Det har elles vore ei veldig god veke så langt, med mykje fin medieomtale, forsideplass i Dagens Næringsliv og TV2-dekning på Mongstad. Eg var på reise i Østfold i går (tysdag) og i Hordaland i dag. No blir det Oslo og Akershus fredag, Hordaland laurdag og søndag kjem nok eg og Gustav (Bahus) til å setja oss ein plass i Os der det er mykje folk, for å vera tilgjengelege for ein prat.

Søviknes er heime i Os på valdagen, men tar nok turen òg nedom valvake i Bergen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.