Lokal | 07. jan. 2018

– Klink is på Hatvikvegen

Vêromslag fører til ekstremt glatte vegar fleire stadar i Os. – Vi har fått fleire telefonar frå Os. Entreprenøren har alt mannskap ute, opplyser Vegtrafiksentralen.

– Klink is på Hatvikvegen
Fv 552 Hatvikvegen er svært glatt søndag kveld. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 07. jan. 2018 19:46

Etter ein søndag med regn i låglandet på dagtid gjekk temperaturen ned i Os på ettermiddagen.

No er det svært glatte vegar fleire stadar.

– På Hatvikvegen var det klink is fleire stadar mellom ferjekaien og Hauge, fortel ein tipsar til Midtsiden.

– Ekstra glatt nær sjøen

– Fylkesveg 552 Hatvikvegen er ein av fleire vegar i Os vi har fått tips om i ettermiddag, seier trafikkoperatør Kristian Fauskan ved Vegtrafikksentralen til Midtsiden.

Entreprenøren meldte for nokre timar sidan at dei har alt mannskap ute.

– Likevel er det fleire plassar det framleis er svært glatt, og det gjeld ikkje berre på sidevegar.

– Område nær sjøen ser ut til å vera ekstra glatte, seier Fauskan.

Frontkollisjon i Arna og stengde fjellovergangar

Ifølgje BT.no si trafikkside er tre personar alvorleg skadd etter frontkollisjon i Arna.

I fjellet er det uvêr, med kolonnekøyring over Filefjell og Haukeli, mens resten av fjellovergangane mellom aust og vest er stengde grunna tett snø og dårleg føre.

Melder opphaldsvêr ut veka

Yr melder opphald natt til måndag, Storm melder 1 mm sludd.

Temperaturen er venta å halda seg rundt 0 gradar framover, men det er ikkje meldt meir nedbør dei neste dagane.

Måndag og tysdag skal vi få 2 gradar og sol, og vindstyrke på 2-3 m/s.

Onsdag er det venta meir skyer og aukande vindstyrke, til 6-7 m/s, men framleis opphaldsvêr.

Også torsdag til søndag ser ut til å bli solrik, då med temperaturar rundt 2-3 minus.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.