Sport | 28. aug. 2009

Klubb i knipe

Midt i Os sin beste sesong på minst ti år har klubben ein vanskeleg økonomisk situasjon. Ein ny, stor og langsiktig sponsoravtale skal saman med lån redda likviditetsproblemet til Os Turn Fotball.

Klubb i knipe
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 28. aug. 2009 07:41

Os har vunne 13 av 14 kampar til no, og leiar tabellen i 3. divisjon avdeling 15 med 13 poeng. Samstundes vil Os 2 med siger sundag klatra til 2. plass på tabellen i si fjerdedivisjonsavdeling.

Trenarteamet Frank Hellvik og Tore Nielsen har gjort ein god jobb, for ikkje å snakka om keepertrenar Ketil Elvenes - førstekeeper Halvard Enes har berre sluppe inn utrulege 9 mål på desse 14 kampane.

Medan spelarane og trenarane siktar seg inn på kvalifiseringskamp og opprykk, har økonomiavdelinga mindre oppmuntrande statistikk på bordet sitt.

- Situasjonen er alvorleg, seier leiar i fotballgruppa, Leif Gunnar Borgen.

I eit skriv som er sendt ut til trenarane i klubben gjer leiinga greie for situasjonen. Dei viser også korleis dei skal koma seg ut av situasjonen, og kallar saman med hovudlaget inn til ekstraordinært årsmøte 15. september.

Sviktande inntekter
Fotballgruppa i Os Turn har gjennom 2008 og 2009 opparbeidd eit underskot ved at inntektene har vore lågare enn budsjettert kombinert med at nokre kostnadar har blitt høgare enn planlagt.

- Sviktande inntekter er ein viktigare årsak enn høgare utgifter, seier formann i hovudforeininga i Os Turn, Terje Hjertnes.

Justering av aktivitetsnivå har så langt ikkje endra denne ubalansen.

AS på is
I denne perioden har det blitt oppretta eit aksjeselskap, Os Fotball As. Selskapet skulle sikra både kapital og inntekter til klubben, via eit samarbeid, men så langt har ikkje dette fungert i tråd med det som var venta.

- Sidan fotballgruppa ikkje er eigen eining, og Os Turn er eit fleiridrettslag, har ikkje NFF (Noregs Fotballforbund) godkjent samarbeidsavtalen mellom Os Turn og aksjeselskapet, fortel Hjertnes.

Derfor er det framleis klubben som har ansvar for heile den økonomiske delen av drifta.

No vil Os Turn og Os Fotball AS saman får orden på situasjonen som har oppstått. Det er dei innstilte på å gjera på ein ryddig måte.

Redda av 10-årsavtale
Ein nyteikna langsiktig sponsoravtale inn mot Os Turn Fotball, saman med lånefinansiering i regi av Os Turn, skal løysa dei kortsiktige problema.

- Ei endring i organisering og ansvar og ein forsiktigare og betre styrt pengebruk skal sikra at denne situasjonen ikkje skal oppstå igjen. Eit ekstraordinært årsmøte er planlagt for å få godkjent låneopptaket.

Det er H-Vinduet Magnor AS, som frå før er hovudsponsor, som har teikna ny sponsoravtale. Denne gjeld for ti år.

- Det er den største årlege summen klubben har fått i mi tid som leiar for fotballgruppa, seier Leif Gunnar Borgen.

Tidlegare i august blei det kjent at Idar Vollvik sitt Ludo Mobil har blitt sponsor for Os. I første omgang har han gått inn med 100.000 kroner, men sel klubben ei viss mengd telefonabonnement kan dei få inn yttarlegare 400.000 kroner.

- Når vi no får på plass ei ordning som gjer at vi får løyst likviditetsproblemet vårt, står det igjen eit godt stykke arbeid med å få inntekta opp, seier Borgen.

Sal av mobilabonnement, sal av mål-aksjar og storkonsert med Vassendgutane er blant det som er ramsa opp i ei liste over inntektsbringande aktivitetar for hausten, aktivitetar klubben håpar medlemmane vil vera med på å marknadsføra.

Opprykk og dagleg leiar
Ifølgje Hjertnes har både spelarar og trenarar vist ei stor forståing og vilje til å hjelpa til i den vanskelege situasjonen. Medan styret jobbar med å betra økonomien skal dei halda fram med den sportslege suksessen.

- No vil tida visa om det blir opprykk. Vi håpar uansett at det lokale næringslivet så vel som publikum og supportarar, gjennom sponsortiltak og oppslutning på kampar og andre aktivitetar, vil vera med og gje si støtte, slik at bygda kan ha eit fotball-lag på eit godt 2.divisjonsnivå, seier Hjertnes.

Frithjof Wilborn er ikkje lenger dagleg leiar, men ein til å ta seg av den daglege drifta står framleis på ønskelista.

- Vi er ei lita gruppe som har mange oppgåver på fritida. Folk har gått leie av stor arbeidsmengd før, det er viktig at vi får på plass nokon som både kan gjera den viktige jobben med oppfølgjing av sponsorar saman med den daglege drifta, meiner Borgen.

- I nye reglar har det dessutan blitt eit krav med dagleg leiar. Det går an å søkja om dispensasjon det første året, men vi må halda fram med å ha det som mål å ha ein som jobbar for klubben på fulltid, legg han til.

- Vi håpar å vera à jour i løpet av året, slik at vi kan planlegga komande sesong med blanke ark.


Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.