midtsiden

Knalldag av osingane!

Norway Cup: Både juniorane og to av dei tre gutelaga er vidare til A-sluttspelet etter fine sigrar tysdag.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy Tirsdag, august 2, 2011 - 23:36

Tysdag var siste dag i puljespelet og KIL/STIL J97 har saman med to juniorlag frå Lysekloster og fire lag frå Os Turn vore i elden.

KIL/STIL-jentene, som fekk sølv i Etne Cup tidlegare i sommar, hamna tydelegvis i ei tøff pulje i Norway Cup. Dei har tapt alle dei tre kampane i Oslo.

Juniorjentene frå Lysekoster vann første kamp, men tapte dei to neste. Juniorgutane frå Lysekloster tapte dei to første, men spelte 3-3 i dag.

Gode gutar frå Os

For tre av dei fire laga frå Os Turn gjekk det betre. To av dei tre gutelaga er puljevinnarar og naturlegvis vidare til A-sluttspel med god margin.

Os 1 starta med uavgjort 0-0, men vann neste og tok ein suveren 6-0-siger over Askim i tredje og siste innleiande runde tysdag ettermiddag. Dermed blei dei også puljevinnarar.

Os 2 har vunne alle sine og er vidare til A-sluttspel som puljevinnarar.

Os 3 tapte alle sine tre kampar.

– No er vi der vi skal vera!

Juniorlaget til Os møtte Karanba i første kamp. I fjor slo dei det brasilianske storlaget 1-0, i år blei det 0-4-tap.

– Dei var betre enn oss, men vi var smartare taktisk, derfor var eg litt skuffa over at vi ikkje spelte jamnare. Johannes Jordal blei dradd ned då han var åleine med keeper tidleg i kampen, utan at det blei verken utvising eller straffe. Der var vi litt uheldig, samstundes var vi ikkje heilt på i den kampen, meiner junirtrenar Einar Nytræ.

Os tok igjen i dei to neste; måndag blei det 4-0 over Åram/VanKam, tysdag sikra dei seg 2. plassen i pulja med ein fin 5-1-siger over Skeid 2.

– No er vi der vi skal vera, og eg er glad vi hadde 21 spelarar med. Det høyres mykje ut, men vi er ikkje éin mann for mykje, alle har blitt brukt og alle har levert, meiner Nytræ.

Kos med kinderegget

Tysdag kveld blei det bading i eit vatn gutane har funne i nærleiken av der dei bur. Så venta heimelaga underhaldning i form av quiz og mimeleikar.

– Så har AB-en kome bortover (Asbjørn Bergstø, red anm), og når kinderegget er komplett kan det bli nokre morosame sprell, seier Einar om seg sjølv, Bjørn Bakke og Asbbjørn Bergstø, dei tre som for nokre år sidan leia juniorlaget saman.

A-sluttspelet onsdag

Os junior speler mot Hallingdal klokka 12.00.

Os 1 (G16) speler 1/32-finale mot islandske Volsungur klokka 13.15.

Os 2 (G16) speler 1/64-finale mot Gran klokka 08.00.

Dersom Os 1 vinn første kamp og Os 2 vinn dei to første møter dei kvarandre i 1/16-finalen.

 

Tips midtsiden.no

Kjetil Vasby Bruarøy + 47 90 78 92 70
Andris Hamre +47 47 90 61 11