Knivstikking på Søfteland
OPPDATERT: Ein person er tatt etter at ei kvinne blei knivstukken ved ei verksemd på Søfteland. Kvinna skal vera alvorleg skadd.
Klokka 09.45 rykte politi, ambulanse og legevakt ut på melding om knivstikking i Compact-fabrikken på Søfteland.
– Politiet fekk kontroll på gjerningsmannen med ein gong dei kom fram til staden, fortel politioverbetjent Audun Hadler-Olsen til Midtsiden.
Les òg: – Eg vil rosa dei tilsette for måten dei roa ned mistenkte på
NK innsatsleiar Ole Marius Røttingen opplyser på staden at gjerningsmannen var under kontroll då politiet kom fram.
– Det kan sjå ut som om det ikkje var vitne til sjølve hendinga. Begge dei involverte er jobba ved verksemda, fortel Røttingen.
Alvorleg skadd
Kvinna blei frakta til sjukehus med ambulanse.
På twitter melder operasjonssentralen klokka 10.50 at kvinna er i 40-åra og alvorleg skadd.
Den pågripne er ein mann i 20-åra.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Last ned Midtsiden-appen idag
No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.
- Gratis å lasta ned
- Bli varsla straks noko skjer
- Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.