Lokal | 25. jan. 2015

Knuste drosjerute

Mann knuste rute på drosje. Politiet ber om tips.

Knuste drosjerute
Politet ber om tips etter at ein kar knuste ruta på ein drosje. Episoden skjedde i eit nabolag rett utanfor Os sentrum. (Arkivfoto: KVB)
Andris Hamresøndag 25. jan. 2015 10:28

Klokka 04.10 natt til sundag gjekk ein mann amok mot ein drosje og knuste ei rute på bilen.

– Mannen stakk frå staden. Vi søkte etter han med hundepatrulje, men fann ikkje karen att.

– Om det er publikum som har tips i saka så ber vi dei ringe oss på 02800, seier vakthavende betjent ved Os lensmannskontor.

Episoden skjedde i eit bustadområde like utanfor Os sentrum.

Søkte med hund etter festdeltakar

Seinare på morgonkvisten blei hundepatruljen igjen sett i sving.

– Det var ein fest utover mot Halhjemsområdet kor ein festdeltakar blei etterlyst. Vedkommande forsvann for dei andre på festen utan ytterkler og sko på seg.

– Vi sette i gang eit lite apparat med innsatsleiar og hundepatruljen, men det viste seg etterkvart at det var ei misforståing.

– Vedkommande hadde rett og slett gått og lagt seg på eit anna rom i huset utan at festdeltakarane hadde fått det med seg.

Meldt for urinering

Tidlegare på natta måtte politiet rykke ut til ei adresse kor dei blei klaga på bråk, men då patruljen kom til staden var festen avslutta.

– Klokka 03.49 observerte politiet ein person som urinerte ved Esso-stasjonen i sentrum.

– Det resulterte i at han blei meldt.

Hindra fyllekøyring

Politiet har òg vore involvert i to saker kor det var risiko for fyllekøyring.

– Den første saka var ei melding frå nabodistriktet om at ein bil på ferga, kor førar skulle vera rusa. Ein patrulje stilte på Halhjem og snakka med ferjemannskapet, men den aktuelle bilen var ikkje om bord.

– Klokka 01.45 fekk vi melding frå publikum om ein rusa kar som var på veg inn i bilen sin i Os sentrum.

– Patruljen var raskt på saka og snakka med mannen. Han påsto han berre skulle hente lommeboka si.

– Om det er rett eller ikkje veit vi ikkje, men vi er glade for at publikum melder frå til oss i slike tilfeller, seier politiet.

Resultatlaus kontroll

På morgonen søndag har patrulja hatt trafikkontroll i kontrollsona på Søfteland.

– Vi kontrollerte 53 bilar på veg mot Bergen.

– Der var alle edru og hadde førarkort i orden.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.