Sport | 05. juni 2010

Knuste Kalandseid

Lysekloster leia 6-0 til pause, men var langt ifrå ferdig med målfesten.

Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 05. juni 2010 09:45

Fredag 4. juni 2010:
Lysekloster - Kalandseid: 12-0 (6-0)
Mål: Thomas Greipsland (6), Joakim Hovden (3), Ole Jørgensen (2) og Jonathan Gade Utne Olsen.

- Eg kallar dette ein toppkamp. Kalandseidet er ikkje på andreplass på tabellen, men er eit lag som høgaktuelt for opprykk, seier Lysekloster-trenar Ørjan Sandal.

Så slepp han jubelen laus:

- Vi spelte rett og slett fantastisk fotball! Det er første gong at eg etter ein kamp kan seia at vi presterte frå første spark på ballen til kampen var slutt.

Ekstra kjekt var det at det var over 150 på tribunen, som var fullstendig med på notene.

- Spelarane fekk ein enorm applaus, ikkje minst då vi gjekk til pause og då kampen var over. Det er vi takksame for, samstundes som vi trur at både dei som såg kampen og endå fleire kjem til å få med seg heimekampane framover.

- I denne kampen viser vi kva vi er gode for, korleis vi presterer når vi står på heile kampen ut. Det gjeld å ikkje berre tru at du er god, men vise det 90 minutt!

Ved heimebanen har Lysekloster idrettslag nettopp bygd ein ny kiosk. At denne hadde nyopning på ein slik jubeldag gav kioskdrifta ein liten pangstart.

Lysekloster (5 sigrar, 1 uavgjort, 0 tap), som saman med Kalandseid førebels er einaste som har spelt seks seriekampar, leiar tabellen med ei luke på 4 poeng til Frøya 2, 7 poeng til Fana 2 og 8 oeng til Kalandseidet.

Neste kamp går mot Bergen Nord 2 borte, neste heimekamp er mot Frøya 2, altså ny toppkamp, fredag 18. juni (kl 19.00).

SJÅ TABELL

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.