Sport | 29. aug. 2016

Knut skåra for Os 2

Andrelaget til Os hadde full kontroll heime mot Sædalen.

Knut skåra for Os 2
Knut Spangelo Haga, her med A-laget mot Gneist i vår (2-2), sette inn 1-0 for Os 2 søndag. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 29. aug. 2016 12:33

Os 2 tok sin tredje siger for hausten (av fire moglege) i gårsdagens heimekamp mot Sædalen.

– Det var ein fin kamp og vi hadde full kontroll, synest trenar Odd Jarle Hjelle.

Botnlaget Trio slo Nordre Fjell, som er på nest siste plass, men det bryr Hjelle seg mindre om.

– Alle slår alle for tida, vi må konsentrera oss om neste kamp. Berre siger er godt nok i dei neste rundane.

Les òg: – Vi har ikkje gjeve opp å halda oss i 4. divisjon

Os 2 - Sædalen 3-0 (2-0)
Målskårarar: Knut Spangelo Haga, Vegard Hjelle og Øystein Takle Eide

Med Glenn Krossøy tilbake i form på A-laget sin venstreback er det rom for at 18-åringen Knut Spangelo Haga, som har levert stabilt og godt med A-laget i vår, også kan spela med andrelaget.

Knut gav Os 2 leiinga i går, mens Vegard Hjelle auka til 2-0 før pause. Øystein Takle Eide gjord som med A-laget laurdag, sette inn 3-0 før slutt.

Også neste kamp går på heimebane. Os 2 på 10. plass tar imot Solid på 8.plass komande søndag.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.