Lokal | 20. okt. 2014

Kokevarselet: No er denne installert!

Inntaket er skifta og reinseanlegget er nettopp sett i full drift igjen. Men du må framleis koka drikkevatnet.

Kokevarselet: No er denne installert!
Her er det midlertidige inntaket som no er montert i Krokvatn. (Foto: Bergen Vann)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 20. okt. 2014 13:11

I 1-tida natt til onsdag 15. oktober sendte Os kommune ut kokevarsel til innbyggarane. Alle som får vatn frå hovudreinseanlegget har dei siste fem dagane måtta koka vatn til konsumering.

Les òg: Har funne feilen

Onsdag ettermiddag blei feilen funnen, årsaka til det låge vasstrykket, som igjen førte til at delar av reinseprosessen måtte droppast, var kollaps på inntaket i drikkevasskjelda Krokvatnet.

– Det gamle inntaket er over 30 år gamalt. Det ligg i enden av ein 700-800 meter lang leidning på over 20 meters djup, fortel teknisk sjef Marianne Kramer.

Målet var å få ei midlertidig løysing på plass før helga, men det rakk ikkje Bergen Vann, som har ansvar for drifta av vatn og avlaup i Os.

Måndag morgon fortalte Os kommune at vatnet framleis må kokast.

Filteret tilbake i drift

Siste nytt er at midlertidig inntak er på plass og no blei nettopp filteret sett i full drift igjen.

– Men folk må framleis koka vatn som skal drikkast eller brukast i matlaging, seier Kramer.

Reinseanlegget må gå nokre timar før kommunen og Bergen Vann igjen vil opna for vanleg bruk.

– Vi håper på å avslutta kokevarselet tysdag morgon, men folk må venta til vi har gjeve grønt lys.

Ikkje permanent

Det nye inntaket er ei midlertidig løysing. No skal det prosjekterast eit nytt, permanent inntak.

– Kva er forskjellen på inntaket som no er i bruk og det som skal prosjekterast og monterast?

– Det vi bruker no er, som du ser på bildet, eit kortare inntak. Det permanente som skal prosjekterast skal nesten 800 meter ut og ned i Krokvatnet.

– Det midlertidige er nytt og fungerer fint, men vi må halda eit auge med vasspeglet, at det alltid står djupt nok.

Årsaka til kollaps på førre inntak, som det allereie var plan om å skifta, var et det oppsto undertrykk som førte til brot.

– Nye leidningar toler undertrykk langt betre og både dagens løysing og den som kjem er både 30 år nyare og langt meir robust, seier Marianne Kramer.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.