Eirik (Solstrand), Iselin (Bjørnefjorden G.), Tina, Siw (Mat fra hjertet), Silja (Osøyro K), Frank (Havnechefen) og Gunnar Nagell Dahl fredag kveld, etter ein lang dag på kjøkkenet. (Privat foto)

Kokkemaraton før bjørnafjordsmåltid

– Det blei ein lang, men kjekk fredag, seier Silja, ein av 10 lokale kokkar som førebur «Det Store Bjørnefjordmåltidet» til fullsett Oseana i kveld.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Lokale produsentar, råvareseljarar, foredlarar, restaurantørar var blant dei inviterte då matattaché hos fylkesmannen, Gunnar Nagell Dahl saman med næringssjef i Os, Daniel Skotheim, og landbrukssjef Øystein Svalheim, inviterte til  og andre til stiftinga av Bjørnafjorden Matkultur i februar.

45 møtte fram og eit eige Bjørnafjorden-måltid var blant ideane som blei tatt vidare til noko konkret. Den nye gruppa med aktørar innan lokalmat inviterte til «Det Store Bjørnafjordenmåltidet» ein heilt eineståande meny, utelukkande basert på ingrediensar frå Os, Fusa, Samnanger og Tysnes.

– Eg har høyrd fleire som seier at dei angrar på at dei var så seine med å bestilla, seier Silja Døsen Moberg frå Osøyro Kolonial.

Halvparten av billettane var selde då kokkane var på samling på Haaheim Gaard i september, kort tid seinare var det utseld.

Klokka 18 i kveld set gjestane seg til bordet for å få ei hemmeleg mengde rettar, laga av 10 kokkar assistert av 9 elevar ved Fusa vgs.

Side om side frå fredag morgon

Måltidet blir laga av kokkar frå Solstrand, Bjørnefjorden Gjestetun, Haaheim Gaard, Havnechefen, Osøyro Kolonial, Oseana Kafé og Restaurant, «Mat fra hjertet» og Skjelbreid Poiree - samkøyrd av Gunnar Nagell Dahl.

–Det har gått veldig fint å fordela rettar. Kokkane har kome med rettar eller råvarer dei liker godt å jobba med, og så har vi, saman med Nagell Dahl, funne ein total som vil skapa ei spennande variasjon av smakar, fortel Silja.

Nokre kokkar har starta preppinga tidlegare i veka, mens torsdag var dagen der dei fleste råvarene kom til kjøkkenet. Klokka 8 fredag morgon var dei tre første kokkane på plass i Oseana, og store delar av dagen, og til langt på kveld i går, har dei jobba side om side.

– Vi skulle hatt radio

Silja synest det har vore ein god prosess og eit veldig kjekt samarbeid til no.

– Mange av oss er jo kokkar som jobbar mykje åleine, eller berre saman med nokre få. Vi tenkjer ikkje over at vi ofte er for konkurrentar å rekna, vi berre samarbeider og utveksler erfaring og idear.

– Så praten har gått i eitt heile dagen?

– Nei, faktisk ikkje. Vi står tett, og vi snakkar jo litt saman, men store delar av dagen har folk vore så opptatt og konsentrert om seg og sitt at det var så eg kjente at vi burde hatt ein radio.

Laurdag morgon er dei første kokkane på plass igjen, og frå klokka 12 i dag blir det som ei maurtue med aktivitet på kjøkken og produksjonskjøkkenet hos Oseana fram til bordsete klokka 18. Kvelden byr på mat og innslag frå fleire av leverandørane til den kortreiste, «oppgraderte» lokalmatopplevinga.

Menyen er hemmeleg, kvar rett skal presenterast før servering.

– Vi har laga komplette menyar, men dei får ikkje gjestane sitja å sjå på før dei har ete. Menyane skal dei få med seg heim, så alle kan få lesa kva dei har ete og kven som har levert varene, forklarer Silja.

Fleire saker

bilde-midtsiden

– Vi ser bra ut

20. oktober 2017

Ruben Hetlevik ventar ein jamn kamp med høgt tempo mot Brann 2.

bilde-midtsiden

Kritiserte sakshandsaminga

20. oktober 2017

Terje Sperrevik (TvS) var kritisk til korleis administrasjonen har handtert Fjellheim-saka.

bilde-midtsiden

Gapahuken er ferdig møblert

20. oktober 2017

Søndag om ei veke er det offisiell opning av det store, arkitektteikna taket ved Knutabruo.

bilde-midtsiden

Krev omkamp på Hjelle

20. oktober 2017

Oposisjonen krev utgreiing av skuletomt mellom Lyssandfabrikken og Hesthaugen.

bilde-midtsiden

Å passera tøffe hinder

20. oktober 2017

Lanserte CRUX på Vindfanget: Det er ei meining bak det nye namnet til Kirkens Sosialtjeneste.