Kolliderte på Ole Bulls veg
Politiet oppretter sak etter ulykke i Lysefjorden.
Onsdag blei ein bil påkøyrd bakfrå på Ole Bulls veg.
– Ulykka skjedde ved Søvikvatnet. Bilane skal ha hatt retning Ulven/Os, fortel politioverbetjent Audun Hadler-Olsen.
Ingen blei skadd i ulykka.
Førar av den bakerste bilen, ein mann i 20-åra, er mistenkt for brot på vegtrafikklova pararaf 3, som handlar om å vera omsynsfull og varsam i trafikken.
Det er førebels ikkje tatt beslag i førarkort.
Brann i lift
I 13-tida onsdag var det brann i ein lift mens den var i arbeid.
– Dei som jobba på staden sløkte brannen sjølv, men brannvesenet var òg ute på staden, opplyser politiet.
Politiet skal i dag undersøka årsaka til brannen, som skal ha oppstått i styringssystemet på liften.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Last ned Midtsiden-appen idag
No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.
- Gratis å lasta ned
- Bli varsla straks noko skjer
- Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.