Lokal | 14. feb. 2018

Kollisjon på E39

Trafikkulykke i Lepsøykrysset.

Kollisjon på E39
Uhell på E39 ved Lepsøyvegen. Lesarbilde tatt klokka 16.12 onsdag ettermiddag, tips@midtsiden.no.
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 14. feb. 2018 15:24

Onsdag klokka 16.12 fekk Midtsiden tips og bilde frå eit trafikkuhell i krysset mellom E39 Halhjemsvegen og Lepsøyvegen.

– Ulykka skjedde for 10-15 minutt sidan. Det såg ikkje ut som om nokon var skadd, skriv tipsar.

Trafikken stoppa opp på staden rett etter uhellet, men bilane kom seg etterkvart forbi.

Ifølgje trafikkoversikt på Google Maps er det i skrivande stund saktegåande trafikk i begge retningar nær krysset, men dette kan ha med generell trafikkmengde å gjera.

Midtsiden kom ikkje gjennom til politiet etter ulykka, men dei meldte seinare, via Twitter, at ingen personar blei skadde.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.