Sport | 24. jan. 2018

Kolskogen med i nytt landslaguttak

Samling på La Manga: Ole Martin i troppen mot Sverige, Slovakia og Ungarn.

Kolskogen med i nytt landslaguttak
Ole Martin Lekven Kolskogen. (Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 24. jan. 2018 14:28

G17-landslagstrenar Gunnar Halle har tatt ut troppen til samling på La Manga onsdag 7. til onsdag 14. februar.

I troppen, som blei publisert på fotball.no i går, er osingen Ole Martin «Olis» Lekven Kolskogen, som no speler for OBOS-klubben Åsane.

– Det var veldig kjekt å bli tatt ut igjen! seier Ole Martin til Midtsiden.

– Halle har vore og sett meg på ei Åsane-trening. Vi fekk oss ein prat og eg følte eg låg greit an, men du veit aldri.

I selskap med eliten

Av 20 spelarar er det berre 4 som ikkje speler i Eliteserien eller i utlandet. Olis, som fylte 17 år i helga, er ein av dei.

– Kor viktig trur du det var, med tanke på å halda fram som potensiell landslagsspelar, at du fekk kontrakt med Åsane?

– Eg hadde jo ønskje om å bli verande i Os, men fekk beskjed om at 4. divisjon var for lågt om eg ville kjempa om plass på landslaget. Det har nok vore bra få meg å få kontrakt i OBOS.

– Korleis passar La Manga inn med oppkøyringa med Åsane, og kva fleire turar står på programmet denne vinteren?

– Eg går glipp av Åsane sin første treningskamp, som går mot Brann 2, men elles passar det bra. Vi skal til Marbella på treningsleir med Åsane i slutten av februar.

– Om eg blir tatt ut også til neste kampar med G17-landslaget så blir det EM-playoff i midten av mars.

Håper å få spela mot Sverige

Kolskogen har i 2017 vore på tre samlinger med G16-landslaget og spelte til saman 6 kampar med flagg på brystet.

På Island var han med på å vinna eit ope, nordisk meisterskap, så spelte han cup i Polen og EM-kvalik i Serbia.

– I Spania, no i starten på februar, så skal Noreg møta Slovakia, Ungarn og Sverige. Om du ikkje får spela i alle kampane, kven har du mest lyst å møta?

– Sverige! Dei har eg ikkje spelt mot før, og det er jo litt som eit derby, seier den talentfulle 17-åringen.

Her er G17-landslagslagstroppen:
Jørgen Johnsen - Strømsgodset
Rasmus Sandberg - Rosenborg
Harald Martin Hauso - Vålerenga
Martin Helmer Rusten - Stabæk
Oskar Opsahl - Vålerenga
Thomas Rekdal - Fredrikstad
Joshua Kitolano - Odd
Runar Hauge - Bodø/Glimt
Noah Holm - Red Bull Leipzig
Kornelius Normann Hansen - Southampton
Harald Nilsen Tangen - Viking
Oscar Aga - Stabæk
Ole Martin Kolskogen - Åsane
Josef Baccay - Lillestrøm
Leo Cornic - Vålerenga
Mathias Kjølø - PSV Eindhoven
Sander Christensen - Brann
Einar Iversen - Everton
Emil K. Ceide - Rosenborg
Jonathan Valberg Lein - Levanger

Kampane på La Manga:
8. februar klokken 15.00: Norge – Slovakia, La Manga Sports Center
10. februar klokken 18.00: Ungarn – Norge, La Manga Sports Center
12. februar klokken 18.00: Norge – Sverige, La Manga Sports Center

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.